Nyheter

Jødisk foreining i Umeå nedlagt etter nazitruslar

I fjor flytta den jødiske foreininga i Umeå ut forsamlingshuset sitt på grunn av trugslar frå nynazistar. No legg dei ned foreininga i den svenske byen.

– Dei mørke kreftene har sigra, og no fins det ingen foreining i heile det nordlege Sverige. Dette var eit viktig samlingspunkt, så det er veldig trist at det har gått slik, seier formann i det jødiske sentralrådet i Sverige, Aron Verständig.

Ifølge Verständig har medlemmar av foreininga fått personlege trugslar frå nynazistar i Umeå. I tillegg sette nynazistane opp klistermerke på foreininga sitt lokale med hakekors, og tekstar som «vi veit kvar du bur».

Brannbombe

Verständig meiner at det som har skjedd i Umeå ikkje er eineståande, og at det har vore fleire hendingar i Sverige der jødiske samfunn har blitt truga.

- På måndag byrjar rettssaka etter eit brannbombeangrepet mot ein synagoge i Gøteborg, og det har vore andre hendingar òg, seier han.

I desember 2017 var det fleire hendingar med hatkriminalitet mot jødar i Sverige. I tillegg til det nemnde angrepet mot synagoga i Gøteborg, vart det melom anna ropt trugslar mot jødar under ein demonstrasjon i Malmø, i desember.

Likevel tyder statistikk over hatkriminalitet på at det ikkje har blitt fleire trugslar mot jødar i Sverige dei siste åra. I 2016 vart det registrert 180 politimeldingar med antisemittiske motiv, noko som er 34 prosent mindre enn i 2015. Tala for 2016 er på nivå med tala i 2013, og tidlegare, ifølge Brottförebyggande rådet i Sverige.

Skremd vekk

Foreininga i Umeå har ikkje hatt noko verksemd det siste året etter at dei valde å stenge lokalet deira våren 2017. Då torde ikkje medlemmane lenger å møte opp på møter på grunn av trugslane.

- Dette var ei lita foreining og dei hadde ikkje nok ressursar til tryggleik. Til slutt hadde dei ikkje lenger motivasjon til å halde fram som ei foreining, seier Verständig.

Den jødiske foreininga i Umeå var den einaste jødiske foreininga i det nordlege Sverige. No er den nordlegaste jødiske foreininga i landet i Uppsala, utanfor Stockholm.

Etter at foreininga i Umeå vart lagt ned, var det ein spontan demonstrasjon i byen, mot nynazistiske miljø.

Handling

– Styresmaktene seier det er trist, men det held ikkje. Dei må vise handling, ikkje ord, og dei må vise handling no. Dette har gått over ein terskel, seier Ervin Kohn, forstandar i Det mosaiske trossamfunn i Norge.

Han etterlyser at svenske styresmakter gjer eit meir aktivt arbeid med å stoppe høgreekstreme grupper sin aktivitet i det svenske samfunnet.

– Dette er eit problem for heile det svenske samfunnet, og ikkje berre for den jødiske minoriteten. Antisemittisme er samfunnsøydeleggande, seier Kohn.

LES MEIR:

Stenger lokalene etter trusler

– Jøder må ligge under radaren

Uroleg

Han er uroleg for kva det vil bety for jødiske samfunn i Sverige dersom nynazistiske grupper kan skremme bort jødiske foreiningar, slik som i Umeå.

– Neste steget etter å legge ned foreininga, er å flytte frå byen. Og då blir neste steget å flytte frå landet. Når dei ikkje tør ha organisert verksemd, blir det ikkje lenger noko jødisk samfunn her, seier Kohn.

Forby

Han er ikkje nøgd med at hatkriminalitet i seg sjølv er ulovleg, når høgreekstreme grupper kan marsjere i svenske og norske gater. Han viser til FN sin konvensjon mot rasediskriminering, som forpliktar begge landa til å forby rasistiske organisasjonar.

– Norge og Sverige er forplikta til å forby rasistiske og nazistiske organisasjonar og deira propaganda, men dette har vi ikkje tatt inn i vår lovgjeving. Det må inn i både norsk og svensk lov å forby desse organisasjonane. Politiet vil då ha klart føre seg om det har mandat til å stoppe dei, seier Kohn.

LES MEIR:

– Har dere møtt en jøde før?

Knuser jødemyter som skolen skaper

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter