Nyheter

Til OL med evangeliet

– Vi ynskjer å vere der for alle, men vi legg ikkje skjul på at vi er prestar, seier KRIK-delegasjonen.

For første gong sidan årtusenskiftet, er idrettspresttenesta på plass for norske toppidrettsutøvarar. Tre prestar frå Kirsten Idrettskontakt (KRIK) er på plass under OL i Pyeongchang.

– Min draum for prosjektet er at vi kan hjelpe utøvarar og andre i lagleiinga til å kjenner på idretts-, trus- og livsglede gjennom gode samtalar om livet, utan at dei treng å føle at dei har endå ein arena dei må prestere på, seier Svend Andreas Aspaas, som er prosjektleiar for tenesta.

LES OGSÅ: Sør-Korea - frå fattigdom til full OL-sjarm

– Stor tryggleik

Prestar var tilgjengelege for norske toppidrettsutøvarar gjennom 1980-talet og fram til år 2000. Då forsvann posten ut av statsbudsjettet. No har KrF-leiar Knut Arild Hareide og KRIK jobba saman for å få tenesta tilbake. Frå og med 2018 vil 1,3 millionar kroner gå til dette.

Aspaas har eit klart inntrykk av at det er behov for prestetenesta. Han og dei andre prestane har berre fått positive tilbakemeldingar frå utøvarar. Ein av dei er Astrid Uhrenholdt Jacobsen, som opplevde å miste bror sin under OL i Sotsji for fire år sidan. Ho skulle ynskje prestetenesta hadde vore på plass då.

– ̇For meg er det ein stor tryggleik å ha nokon i troppen som ikkje berre tenker på prestasjon, men som har eit verdibasert og medmenneskeleg fokus i sentrum. Eg seier ikkje at trenarane våre ikkje har det, men det kjem lett i skuggen i jakta på dei store prestasjonane, sa 31-åringen til VG.

Ikkje psykologar

Korleis stiller de dykk som prestar til prestasjonskulturen i idretten på dette nivået?

– Vi elskar jo dei fleste typar sport, og ynskjer gode prestasjonar. Samtidig trur vi vår funksjon kan vere viktig akkurat i ein sånn kultur, der det meste spinn rundt dei som har lukkast, svarar idrettsprest Bjørnulf Benestad.

– På ein måte kan ein seie at vi kan bidra med ei evangelisk tilnærming til det å skulle prestere. Vi vil hjelpe utøvarane til å kvile meir i ein eigenverdi som ikkje er bestemt av prestasjonane på idrettsbana, legg Aspaas til.

– Men kva med dei som ikkje føler det er naturleg å snakke med ein prest i vanskelege situasjonar?

– Det er ikkje alltid tydelege skiljelinjer mellom sosiale og åndelege behov. Som idrettsprestar ynskjer vi å vere ein støttefunksjon for norske utøvarar på deira premissar, seier prest Erling Ekroll.

Om utøvarane ynskjer samtalar av åndeleg art, vil det vere naturleg for prestane å opne for det.

– Vi legg ikkje skjul på at vi er prestar. Vi har ei anna rolle enn til dømes idrettspsykologane og andre i støtteapparatet.

Det at dei er prestar og kjem frå KRIK, treng ikkje å seie noko om kven dei er der for, ifølgje Benestad.

– Vi ynskjer å vere der for alle, uansett utgangspunkt og livssyn.

LES OGSÅ: Har stira på fienden i 65 år

Bygge relasjonar

KRIK vil samarbeide med Sjømannskyrkja, som tek hand om beredskap for norske utøvarar i utlandet og som etablerer OL- og VM-kyrkje i samband med meisterskap. Under OL vil prestane bli kjende med miljøet, utøvarar, støtteapparat og familiar.

– Dette er ei type teneste som handlar om relasjonar, og det tek tid å bygge, seier Erling Ekroll.

– Kva særlege utfordringar kjenneteiknar det å vere prest for toppidrettsutøvarar samanlikna med andre?

– Det vil vi kunne meir om om nokre år, når tenesta er meir etablert, seier Bjørnulf Benestad.

Han understrekar at idrettsutøvarar ofte er under stort press, mykje vekk frå familien sin og lever på mange måtar isolerte liv.

– Prestetenesta kan nok samanliknast med andre typar institusjonsverksemd, som til dømes i Forsvaret, Stortinget og Sjømannskyrkja, der ressurssterke menneske er løfta ut av sitt naturlege miljø. Å vere til stades som prest, kan vere ein viktig ventil, trur Benestad.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter