Nyheter

For mykje mas om gåver, melder to av tre

Under 30 år gamle Frp-veljarar med grunnskule klagar minst over merksemda julegåvene blir til del i våre julefeiring, viser Vårt Land-måling.

Gåver ved høgtider er ein gammal tradisjon.

Soga seier at Eirik Jarl, også kjent som Eirik Håkonsson, var den som starta gåvepresset i Norge. Han byrja på 1000-talet å gje noko ekstra til mennene som sto han nær. Gåvene blei delt ut på nyttårsdagen, åttande dag jul og jul er som kjent ein gammal
heidensk fest ved solsnu.

Etterkvart blei gåveutdelinga skuva fram til julaftan, og
fleire grupper var mellom
dei utvalde mottakarane. Men først på 1800-talet blei det vanleg med julegåver mellom folk flest.

Økonomi

Drygt 1000 år etter at Eirik Jarl gav hærmennene noko ekstra, er gåvetradisjonen under press:

To av tre nordmenn meiner det er for mykje merksemd på julegåver i jula, viser ei meiningsmåling Norstat har utført for Vårt Land.

Og menn og kvinner ser likt på dette. Berre éin prosent seier at vi er for lite opptekne av det som kjem i kulørt papir, med band rundt.

Direktør Bror Stende i Virke Faghandel viser ikkje vilje til å flytte foten til bremsen.

Folk bør handle det dei treng i desember. Varehandelen er viktig for norsk økonomi, og Virke har stor tru på at nordmenn handlar fornuftig, seier han til Vårt Land.

Litt meir

Virke har rekna på dette, i år som i fjor og som åra før.

Vi brukar litt meir på jul i år enn i fjor, vel ein prosent opp, opplyser direktør Stende.

Brote ned på kvarkvinne og kvarmann, jolehandlar vi for 10.710 kroner i snitt i desember. Av summen går 4.460 kroner daglegvarer og 6.250 kroner til faghandelen; alt frå julepynt til julegåver.

Er nøgde

Men alder påverkar synet på julegåvene, viser Vårt Lands måling.

Medan 42 prosent av dei under 30 år seier det er passe merksemd på gåver, meiner tre av fire over 50 år at det er blitt for mykje av det gode.

Når vi så bryt ned målinga, ser vi at det er tre grupper som stikk seg ut som mest positive til gåvedrysset som blir nordmenn flest til del om få dagar:

Dei under 30 år: 42 prosent seier gåvene får passe merksemd, medan 57 seier «for mykje».

Dei som har grunnskule som høgaste utdanning: 52 prosent er nøgde og seier «passe», medan 46 prosent seier «for mykje».

Dei som røystar på Framstegspartiet: 41 prosent seier «passe» medan 59 prosent seier det er «for mykje».

LES OGSÅ: En jøde feirer jul

Ser raudt

Størst motstand mot julegåver finn vi blant nordmenn eldre enn 50 år, som bur i byar, som har ei husstandsinntekt på under 400.000 kroner, som har tre års høgskuleutdanning og som røystar Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne.

Medan Raudts veljarar er mest kritiske, 88 prosent, er dei som røystar MDG ørlite meir positive. 84 prosent seier jolegåvene får for mykje merksemd.

Klasseskilje

Banken Nordea har rekna ut kor mykje som blir brukt på berre jolegåver. Ytterkantane er representerte ved dei som har ei husstandsinntekt på under 400.000 kroner og dei som samla tener over 1.000.000.

Vaksne i familiar med over millioninntekt planlegg å spandere 9.000 kroner kvar på gåver noko som er kraftig meir en i fjor. Då var summen 7.600.

I den andre enden planlegg vaksne i husstandar med inntil 400.000 kroner i samla inntekt å bruke 2.750 kroner kvar på gåver ti store og små.

Klasseskilje blir tydeleg i jula, lyder Nordeas konklusjon.

Rause

Anja Bakken Riise,
leiar i Framtiden i våre hender, har ei forklaring på kvifor to
av tre nordmenn seier at «det er for mye fokus» på julegåver i jula.

Mange har ei oppfatning av at det å vere raus betyr å gje gåver til alle, så då stressar ein rundt for å finne dei rette gåvene, framfor å bruke tid på å vere saman.

Ei måling Framtiden i våre hender har fått utført viser at dobbelt så mange ønskjer seg opplevingsgåver fremfor ting.

Det tenkjer eg er ein viktig peikepinn for dei av oss som stressar med gåveinnkjøpa no før jul.

Spleis

Korleis kan merksemda flyttast vekk frå gåvemaset når det stundar til jul?

Spleis på gåver, då blir det færre gåver å kjøpe. Alternativt kan ein bli einige om at ein heller skal gjere noko hyggjeleg saman i romjula eller på nyåret.

Bør familiar innføre «reglar» for kven som skal få gåver og kor mykje dei kan koste?

Det må vere opp til kvar einskild familie. Men ein kan jo ta ein runde i familien på om ein skal tenkje litt annleis denne jula når det kjem til kva slags gåver ein skal gje.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter