Lukta av eple
Eit par tastetrykk kan gje oss norske eple nesten året rundt.
Kvifor har vi ikkje norske eple heile året? Forklaringa er i utgangspunktet enkel: Ho heiter tollvern, skriv spaltist Siri Helle.
'Norsk jordbruk produserer verdas beste mat' får vi ofte høyre. Men stemmer det?
Eg trur ikkje brorparten av norsk mat er betre enn brorparten av portugisisk eller meksikansk mat. Men han er vår – og han er god, og det er eit poeng at vi meiner han er best i verda. Det handlar om identitet.
Og så er det eit par unnatak. Dei små tinga eg saknar når eg er utanfor Noreg i lange perioder. Kaviar, sjølvsagt. Smør. Og norske epler.