Moské bygger for over 300 millionar kroner. Donasjonar kan komme frå utlandet
BYGGJER NYTT: – Me jobbar med privatpersonar og organisasjonar både nasjonalt og internasjonalt som har interesse i å investere i prosjektet, seier dagleg leiar i Rabita-moskeen.
I FULL GANG: Rivinga av Rabita-moskeen i Calmeyers gate 8 i Oslo er i full gang. Moskeen ligg eit steinkast unna kontoret til Vårt Land.
Erlend Berge
– Etter 20 år i det gamle bygget har me innsett at me treng større plass for å kunne imøtekomme behovet til våre 4.000 medlemmer samt alle gjester og besøkande me tek imot kvar dag, seier Imen Hasnaoui, dagleg leiar i Rabita-moskeen i ein e-post til Vårt Land.
Moskeen kjøpte og flytta inn i lokala i Calmeyers gate 8 i 2004. Ho fortel at det gamle bygget er frå 1800-talet og ikkje lenger egna seg til bruket og aktivitetane moskeen arrangerer.
– I tillegg var også bygget i svært dårleg stand og kosta oss mykje å vedlikehalde, skriv Hasnaoui.