Inviterer unge til frukost i domkyrkja: – Ein dag mange lurar på korleis dei skal feire
DEN NORSKE KYRKJA: Femti unge vaksne starta grunnlovsdagen med ein litt annleis frukost. Her var det ikkje bobler i glaset, men eit meir staseleg frukost-lokale skal du leite lenge etter.
FESTDAG: Guro Næsheim Reknes, Anna Lena Schulz, Eunice Njogu og Andreas Næsheim Reknes starta 17. mai i Tromsø domkyrkje.
Privat
Når Vårt Land ringjer prest Guro Næsheim Reknes (27) i kveldinga 16. mai har ho eigentleg ikkje tid til å snakke. Ho er i innspurten av å gjera klar Tromsø domkyrkje for femti unge vaksne som kjem dit på 17. mai-frukost dagen etter.
– Ja, her er det full rulle.
Men ho klagar ikkje av den grunn