Svarar på kritikk om Israel-fråsegn: – Det riktige å gjere
Fleire reagerer på fråsegn frå Bispemøtet, som ekspertar kallar «historisk skarp». Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, svarar.
FEKK KRITIKK: No svarar Olav Fykse Tveit på reaksjonane.
Thomas Fure/NTB
Nyleg publiserte Bispemøtet i Den norske kyrkja (DNK) ei fråsegn om den pågåande krigen på Gaza, der dei tok til orde for å auke presset på den israelske regjeringa. «Alle legitime politiske og økonomiske virkemiddel må vurderes», skreiv dei.
Fleire ekspertar Vårt Land har vore i kontakt med meiner fråsegna frå Bispemøtet er historisk skarp.
– Har ikkje sagt at me konkluderer