20 norske får israelsk surrogati-hjelp
Helseministeren har stengt alle dører for surrogati i Norge. Men nordmenn finn lovlege omvegar.
Mange surrogatbarn blir fødde av amerikanske kvinner. Men helseminister Bent Høie (H) vil ikkje straffe dei som gjer bruk av surrogatmødrer i utlandet. Han fryktar at straffene vil ramma barna.
Åserud, Lise
– Fem-seks norske par har starta prosessen med surrogatmødre i Ukraina, og 10-15 andre par er i startgropa, opplyser administrerande direktør Eduardo Afonso i Tammuz Nordic.
Det israelske selskapet presenterer seg som ein «markedsledende surrogatmor-organisasjon», og har sytt for 700 barn verda over sidan det blei etablert i 2008. No er eit nordisk dotterselskap skipa i Stockholm, og snart er kontaktperson i Norge på plass.
– I november skal vi ha eit informasjonsmøte i Oslo. Men allereie no kjem norske par til oss for å få hjelp. Seinast i onsdag kom eit til Stockholm, fortel Afonso.