Nyheter

Måtte pakke ned livet

Clairmise Blanc hadde ein amerikansk draum. Om eit godt liv i USA. Ho blei kasta ut av husvognparken.

Bilde 1 av 3

Vel 600.000 haitianarar har funne vegen til USA. På leit ­etter eit betre liv, for seg og sine.

Clairmise Blanc kom i 1981, gifta seg og blei enke i 2011. Dei siste åtte åra har ho budd i husvognparken Little Farm, i utkant­en av millionbyen Miami.

I fjor kom meldinga. Tomta er kjøpt opp av ein eigedomsutviklar, som skal profittere på dei gallopperande husprisane i Stor-Miami.

Amerikanarar med pengar på konto flokkar seg i solskinstaten Florida for å nyte livet. Clairmise Blanc og alle dei andre i Little Farm måtte vike.

– Dei bryr seg ikkje, seier 72 år gamle Blanc om tomtekjøparen.

UNE BRATBERG: «Trump vant. Clinton undervurderte kraften i den hvite middelklassen»

Ulikskap

Husvogn er siste stoppestad før gata for mange i USA.

Husvognparkdrift er milliardbutikk for ein av USAs rikaste menn, Sam Zell.

Husvognproduksjon er like god butikk for verdas tredje ­rikaste mann, Warren Buffet.

Over 20 millionar amerikanarar bur i husvogner, ofte med dårleg standard.

Desse vognene viser fram den veksande ulikskapen i USA. Landets 20 rikaste personar eig like mykje som den fattigaste halvparten av befolkninga; 152 millionar menneske fordelt på 57 millionar hushaldningar.

ERLING RIMEHAUG: «Splittelsen i USA er kommet for å bli»

Endring

Change, sa Barack Obama i 2008. Fleirtalet stolte på han. Dei ville ha endring – til det betre.

Alarm, roper Det internasjonale pengefondet (IMF) åtte år og to Obama-periodar seinare. Heile 46,7 millionar innbyggjarar lever i fattigdom. I USA bur det 325 millionar menneske.

1 av 5 barn lever i ein fattig familie.

1 av 3 barn som lever i ein familie med ei einsleg mor lever i fattigdom.

IMFs oppdrag til USAs 45. president er tindrande tydeleg: Du må bekjempe fattigdommen.

LES MER: – Folk har kranglet så mye mer enn før

Ulikskap

USA har mykje fattigdom til å vere eit av verdas rikaste land, og i tillegg aukar ulikskapen mellom fattig og rik. IMF meiner at polarisering og fattigdom vil tære på veksten og hindre ei betring i folks levestandard dersom ingenting blir gjort.

I dag er minstelønn i USA 7,25 dollar i timen. Snittlønna for dei som jobbar på McDonalds, Burger King og andre snøggmatutsala ligg på 8,22 dollar.

LES MER: – Trump er et ekstremt uttrykk for postfaktasamfunnet

Kupongmat

Dette betyr at mange må ha både to og tre jobbar for å kunne brødfø familien. Dei som ikkje tener nok, får mat på bordet dagleg takka vere matkupongar. 43 millionar amerikanarar lever på kupongføde.

Bernie Sanders, som lenge utfordra Hillary Clinton, klarte å drive den same Clinton så langt til venstre at også ho lova å heve minstelønsatsen til 15 dollar timen.

7,25 er det same som 60 kroner.

– Når foreldre i USA i dag blir spurt om barna vil få det betre, svarar mange nei, seier USA-kjennar og rådgjevar i tankesmia Agenda, Thor Steinhovden.

GEIR OVE FONN: «Trump overtar et ryddigere hus»

Ein illusjon

– Er den amerikanske draumen knust?

– For mange har han aldri eksistert, for andre er han ein illusjon. Likevel trur mange framleis på den amerikanske draumen.

Dette er den amerikanske draumen: Få ei god utdanning, jobbe hardt, etablere familie, kjøpe hus, oppnå velstand og suksess. Og ha pengar til collegeutdanning for barna.

LARS GILBERG: «Minner om ting historien har vist når såkalte sterke ledere gjør sin entré»

Store taparar

Steinhovden peikar på at to store og viktige middelklassegrupper har rutsja kraftig nedover økonomisk dei siste tiåra; industriarbeidarane som skrudde saman alt få bilar til kjøleskåp, og kolindustriarbeidarane som leverte det fossile brenselet til dei som bygde landet.

Dei første er blitt utkonkurrert av Kina og Mexico. Dei andre av miljøkrav.

Konsekvensen er at gruppa, som av samfunnsforskarar blir kalla working poor, veks. Harvard-professor Robert Putnam forklarar at færre amerikanarar har i dag høve til å leggje ut på klassereiser oppover i samfunnet.

Jesus

Clairmise Blanc fekk med seg Jesus-bildet og dei ­andre eignelutane innan ho mått forlate heimen i Little Farm. Så blei husvognene knuste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter