Nyheter

Har ikkje råd til skilsmisse

Oljekriseramma ektepar går ekstra rundar på familievernkontor for å redde samlivet.

Jon Aarsland leiar Familievernkontoret i Sør-Rogaland. Han er ansvarleg for tre regionar i Rogaland; Stavanger, Jæren og Dalane.

– Eg ser det same ved alle avdelingane, par som er ramma oljekrisa oppsøkjer stadig oftare hjelp for å freiste å redde samlivet, for dei har ikkje råd til ei skilsmisse, fortel han Vårt Land.

Kommunikasjonssjef Christine Meling Christensen i arbeidstakarorganisasjonen Industri Energi fortel at mange oppsagte oljearbeidarar opplever særs tunge tider for «krisa blir med heim».

Ein studie av arbeidsledige gjort av Universitetet i Stavanger og Statistisk sentralbyrå viser at det oftast endar med skilsmisse om det er mannen som mistar jobben. Menn opplever gjerne ei større identitetskrise når arbeidsplassen forsvinn, og klarer ikkje å skåne ekteskapet for belastinga.

– Mange av våre tillitsvalde strekkjer seg langt for også å trøyste kollegaer som slit med samlivsproblem, seier Meling Christensen til Vårt Land.

LES MEIR Lar oljen slippe unna

Dyre hus

Lenge var Rogaland oljefylket som flaut over av dyre villaer, store hytter, feite båtar, kostbare bilar og rause restaurantbesøk.

Gode oljeinntekter fekk mange til særleg å kjøpe eller byggje dyrt når ein etablerte hus og heim. Lønningane var høge, rentene låge. I 2012 passerte snittlønna for norske oljearbeidarar 1 million kroner – over det dobbelte av verdssnittet, viste den globale analysen til rekrutteringsfirmaet Hays Oil & Gas.

Prisfall

Så blei bremsene trakka hardt ned. Oljeprisen stupte. I dag er særleg Rogaland heimsøkt av store økonomiske ristringar som følgje av prisfallet. Meldingane om oppseiingar og permiteringar kjem tett i vestlandsfylket. Totalt har rundt 35.000 jobbar i oljebransjen forsvunne dei seinare åra.

Arbeidsledige

To tal viser kor hardt Rogaland er råka:

• Heilt arbeidsledige har auka frå 2,2 til 4,6 prosent i perioden august 2014 til april 2016.

• Rundt 25 prosent av bustadane som er til sals i Norge, ligg i Rogaland.

– Det kan tyde på at mange ser etter mindre bustader for å spare pengar – eller at dei skal flytte herfrå, seier fylkesdirektør i Nav Rogaland, Truls Nordahl, til NTB.

LES MEIR Rømmer olje, kull og gass

Etter jobb

Aarsland på Familievernkontoret i Sør-Rogaland seier dei merka den aukande viljen til å redde skrantane samliv i fjor haust.

– Ein dag i veka har vi langope. Oftare og oftare såg vi at det var kø desse dagane. Folk vågar ikkje gå frå jobben for ein time på familievernkontoret i arbeidstida. Dei vil vise at dei står på i usikre tider, fortel han til Vårt Land.

Då Aarsland og kollegane summerte opp 2015, såg dei at kontoret i Stavanger hadde vore involverte i ti prosent færre skilsmisser enn året før.

– Folk slit i forholda, men har ikkje råd til å gå frå kvarandre. Den manglande økonomiske tryggleiken gjer at folk ventar lenger, seier han til bladet Magasinet.

Søkjer hjelp

Når Jon Aarsland analyserer brukstala for Familievernkontoret i Sør-Rogaland, ser han eit mønster: Stadig fleire menn ønskjer å ta i mot fagleg hjelp frå terapeut.

Ekteskapsloven og barneloven seier mekling er obligatorisk ved separasjon eller samlivsbrot for ektefellar og sambuarar med felles barn under 16 år. Men time hjå familieterapeut er frivillig.

På Familievernkontoret i Sør-Rogaland viser tala at menn tek initiativ til nesten 40 prosent av terapitimane.

– Korleis går det med para som søkjer hjelp hjå dykk, Aarsland?

– Vi har dei som får det bra, som opplever at hjelp reddar ekteskapet. Og så har vi dei som blir skilt likevel.

For å ta unna køen inn til Familievernkontoret i Sør-Rogaland, har Aarsland fått tilsett ein terapeut til i år.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter