Nyheter

Litt grønt kvar dag

God adventstid og velkomen til fyrste innlegget i årets bloggadventskalender!

No har vi nettopp kome oss gjennom ein svart fredag og den fyrste lilla sundagen. Den raude tråden i årets bloggkalender er difor korleis du kan gjere både adventstida og det nye året grønare. Kvar dag vil vi poste eit innlegg der vi syner små eller litt større tiltak du kan gjennomføre for å gjere kvardagen din litt meir miljøvenleg.

Vi byrjar heile adventskalenderen med eit tema som alle har eit forhold til: Kle. Anten du elskar eller hatar å ha dei på eller skaffe deg dei så er dei ein del av kvardagen vår. Kle skaper folk, seier dei, men kle skaper også overforbruk, slankepress og uverdige arbeidsforhold.

Du fekk kanskje med deg serien «Sweatshop – dødsbillig mote»? Serien syner det store groteske gapet mellom i-landa sitt overforbruk og produsentane i u-landa sine lidingar som ei følge av den bruk og kast-mentaliteten som kjem i kjølvatnet av det dagleg skiftande motebiletet. Framtiden i våre hender har ein underskriftskampanje som du kan signere for å vere med på å forsøke å betre arbeidstilhøva til dei som lagar kledene våre.

Så om du vil gjere kvardagen din litt grønare så er ditt eige klesskap ein god stad å byrje.

Dette kan du gjere:

  1. Ta vare på kledene dine. Vask alt på rett temperatur. Reparer det som er øydelagt. Gjer det sjølv eller betal nokon andre for å gjere det.
  2. Treng du nytt? Sjå gjennom det du allereie har for å sjekke om du har noko som kan syast om. Alliér deg med vener og familie i same storleik og sjå om dei har noko du kan låne. Kanskje har nokon den perfekte kjolen for det ballet du skal på, eller kanskje dei vil byte ein gensar med deg? Arranger bytekveld, gå på bruktbutikk.
  3. Veit du kva du har? Sjå gjennom det du allereie har og sorter ut det du aldri brukar. Slik unngår du å kjøpe ei bukse som er heilt lik den du hadde gløymt at du hadde berre fordi den var på sal. Legg vekk klede som høyrer til ei anna årstid. Desse kan du ta fram att ved høveleg temperatur og glede deg over kle som du ikkje har sett eller brukt på lenge.
  4. Har du gått gjennom punkta over men er likevel heilt nøydd til å kjøpe noko nytt? Vel kvalitet. Pengane du har spart på å ikkje kjøpe posar med nye kle kvar gong du går forbi H&M kan du legge i kalitetsplagg som er

Adventskalenderen er hentet fra bloggen Grøn er ein fin farge

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter