– Aksepterer han ikkje vårt krav innan 6. desember, blir domstolen neste stopp, seier Filip Rygg til Vårt Land. Han er nyvalt styreleiar i Stiftelsen Betanien Bergen (SBB).
Styret meiner at Are Blomhoff, tidlegare dagleg leiar i SBB, skuldar stiftinga rundt 26 millionar kroner. Brorparten av summen handlar om underslaget eks-sjefen har innrømma, men SBB vil også ha dekt granskingskostnadar.
– Vi ønskjer at han vedgår erstatningsansvaret, for berre slik kan vi få sett punktum i denne saka og kome oss vidare, seier Rygg og understrekar at kravet handlar om rettferd.
LES OGSÅ: Sterk kritikk av Betanien-styret
Tre års fengsel
Fram til januar 2013 var Are Blomhoff direktør i Stiftelsen Betanien Bergen (SBB). Då vedgjekk han underslag av store summar frå stiftinga som driv sjukehus, sjukeheim og høgskule i Bergen.
I februar i år blei Blomhoff dømt til tre års fengsel, og den rettskraftige tingrettsdommen seier underslaget var på 15,8 millionar kroner.
LES OGSÅ: Betaniens styreleder går
Festar i Spania
Eks-sjefen på Betanien fekk ut pengar ved at han overførte dei til ein fiktiv vedlikehaldskonto som var knytt til sjukeheimen Betanien driv i Spania. Det var berre Blomhoff som disponerte og kjente til kontoen.
I retten fortalte Blomhoff at millionane han tok frå SBB blei brukt på festar i Spania med prostituerte og store mengder alkohol. Han blei ikkje dømt til å erstatte underslaget.
LES OGSÅ: Betanien leter etter skjult formue
Tok pant
Tidlegare styreleiar i SBB, Christian Hysing-Dahl, har fortalt Vårt Land fleire gonger at Betanien ønskjer eit privatrettsleg oppgjer med den tidlegare toppsjefen. Difor tok SBB mellom anna pant i Blomhoffs bustad og hytte for å kunne drive inn erstatninga.
Men avtalen om å betale erstatning er enno ikkje signert, fortel styreleiar Rygg. Difor har styret stemna Are Blomhoff for å få ut pengar, melder Bergens Tidende.
LES OGSÅ: – Are Blomhoff vil prøve å gjøre opp for seg
Trur på løysing
Advokat Per-Erik Gåskjenn meiner stemninga av hans klient ikkje er dramatisk:
- Ein må ta ut eit søksmål for å unngå at kravet blir forelda. Dette er meir ein formalitet, seier han til Bergens Tidende.
Gåskjenn opplyser at det er forhandlingar mellom Blomhoff og SBB, og at «partene er enige om at vi nok kommer til å løse dette før det kommer for retten».
– Så optimistiske er ikkje vi, seier styreleiar Rygg.
LES OGSÅ: Blomhoff fikk sjelesorg av styremedlem
Avviste erstatningskrav
I Drammen tingrett la aktor i vinter ned påstand om at Blomhoff måtte betale ei erstatning på nesten 19 millionar kroner til Betanien; underslagssummen pluss renter.
Blomhoff vedgjekk at tapet han hadde påført Betanien tilsvarte kravet som blei sett fram, men han vedgjekk ikkje at han skulda SBB ein slik sum. Han meinte at ei pensjonsforsikring som han hadde sagt frå seg måtte kome til fråtrekk i summen på nesten 19 millionar kroner. Tingretten la vekk erstatningskravet.
– Trur Betanien-styret at de får inn summen i søksmålet, Filip Rygg?
– Vi får sjå.