Nyheter

Gretten gubbe

Hadde mannen hatt megafon, ville han garantert ha skrudd opp på styrke ti.

«Det går ikke an å sitte i dette gatekjøkkenet her!»

Han spytta orda ned i den oppvarma boksen med nudlar med biff, som eg turnerte på toget heim. Han vona nok at orda skulle lande på toppen som ein matlystdrepande dressing. Mannen kommenterte så høgt at absolutt alle i vogna fekk med seg kva eg gjorde. Også dei som ikkje kjende dufta av varm mat.

Han prøvde å drepe meg med blikket, marsjerte rett gjennom vogna og sette seg rett imot meg, men no 16 meter unna. Og glodde olmt i min retning.

Opplevinga fekk meg til å tenkje på alle dei som arbeider i serviceyrker, som dagleg møter verdsmeistrar som skal ha særhandsaming, eller grine­bitarar som aldri gjer feil, eller gretne som alltid meiner verda går mot dei.

Parkeringsvakta må tåle utskjelling for bota, sjølv om mannen i dyr bil har parkert på fortauet — og stengjer trafikken.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kvinna i innsjekkinga på flyplassen må tåle skjellsorda, sjølv om storfamilien på tur til Tenerife blir avslørt med overlasta koffertar.

Vektaren på bussen må tåle frådane sinne, sjølv om den unge kvinna ikkje har gyldig billett.

Blant oss har vi dei som alltid har rett, som alltid veit rett, som alltid opptrer rett. Og som alltid må ta opp kampen, sjølv om det er klart på førehand at dei har tapt. Blant oss har vi dei som må slengje frå seg ein nedsetjande kommentar, ein sårande ­kommentar — eller ein kommentar som seier «din dust, du kan ikkje oppføre deg slik».

Stor takk til alle frontsoldatane i servicebransjen som dagleg går i krigen. Mange har aldri gått på eit einaste smilekurs. Dei har det berre i seg. ­ Akkurat som bussjåføren som ofte kjører meg til jobben i bladstova: «Da var vi fremme, jeg ønsker alle en god fredag.»

Min mann frå toget har nok aldri møtt ein slik sjåfør.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter