Nyheter

Mariah Idrissi er H&Ms første modell med hijab

23 år gamle Mariah Idrissi, som har pakistansk og marokkansk opphav, byrja å bruke hovudplagget som 17-åring.

Bilde 1 av 2

I klesgiganten H&Ms haustvideo blir Mariah Idrissi filma i ei rosa kåpe, runde solbriller, og eit rutete hovudplagg. Det skapte stor interesse i sosiale media, ifølgje den britiske avisen The Independent.

Med løyve frå foreldra

Idrissi byrja bruke hijab som 17-åring. Ho fortel at ho deltok på innspelinga etter å ha fått løyve frå foreldra. Ho fekk jobbe mesteparten av tida saman med kvinnelege tilsette.

LES OGSÅ: Husker du disse kristen-trendene fra 90-tallet?

I eit intervju med Fusion blog seier 23-åringen at ho ikkje veit kvifor H&M spurde henne om å delta.

– Men det kan vere fordi hijab-mote har vorte stort dei siste åra, seier ho.

Blitt ignorert

Ifølgje Idrissi har kvinner som brukar hijab hittil blitt ignorert i moteverda.

– Vår stil har eigentleg ikkje betydd noko, seier ho til bloggen.

– Derfor er det fantastisk at eit klesmerke som H&M anerkjenner måten vi brukar hovudplagget på.

LES OGSÅ: Motebloggere med hijab skaper ny trend

Til dagleg jobbar Idrissi ved hennar eigen neglesalong i London, kalla Salon Marrakesh.

Delte meiningar

Både sikhar og muslimar, blant andre, tok del i motevideoen til H&M. Etter Idrissi blir kamera snudd mot ein mann i eit muslimsk antrekk. Forteljarstemma seier: Look chic, look sheikh.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Britiske kommentatorar er delte om bruk av hovudplagget. Somme meiner det er kynisk av H&M. Andre meiner det er eit steg i riktig retning. Eit steg som burde bli applaudert.

Mange reaksjonar

Idrissis deltaking i H&M-videoen skapte også mange reaksjonar på sosiale media. Her er nokre av dei:

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter