Nyheter

Norge i terrorens tid

Dei var tre brør. Ein døydde som framandkrigar i Syria. To er tiltalt i historisk terrorrettssak. Ein av dei skal ha støtta og deltatt i Islamsk stat. Forfattar trur det kjem fleire rettssaker.

PST-sjef Benedicte Bjørnland seier at det finst aktive, ekstreme islamittiske miljø som tiltrekkjer seg nye tilhengjarar og rekrutterer framandkrigarar i Norge.

Statsminister Erna Solberg (H) har bedt ordførarar og organisasjonar om å demme opp for radikalisering i Norge.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) har – mellombels – væpna politiet i Norge.

Tre av ti nordmenn, fortel VG, meiner faren er stor eller svært stor for eit terrorangrep i Norge.

I går starta ei historisk terrorrettssak i Norge.

For første gong er norske borgarar tiltalt for å ha støtta og deltatt i Islamsk stat (IS).

– Saka blir ein prøvestein for påtalemakta, meiner forfattar og journalist Lars Akerhaug.

– 70 norske borgarar har reist til Syria, vil det kome fleire saker der norske borgarar blir tiltalte for å støtte terrororganisasjonar som IS?

– Ja, det trur eg. Men samstundes verkar det som påtalemakta er forsiktig, rett og slett fordi det er ei vanskeleg provoppgåve.

– To av dei tiltalte er frå Bærum og brør til ein som blei drepen i Syria i fjor, har det bygd seg opp eit islamittisk miljø i Bærum som fekk vere i fred?

– Frå 2010 og fram til eg kom med boka «Norsk jihad» i 2012 var det ingen merksemd rundt det høge talet radikale islamittar i eit lite, avgrensa område i Bærum. Heller ikkje før ein av Syria-fararane frå Bærum døydde blei det mykje merksemd rundt fenomenet lokalt, seier Akerhaug.

LES OGSÅ: Viktig rettssak

Nektar skuld

– Ikkje skuldig.

Ståande svara alle dei tre på tiltalebenken med dei same to orda då tingrettsdommar Geir Grindhaug spurde om dei sa seg skuldige i å ha brote det ferske d-punktet i paragraf 147 i straffelova – punkta a, b, c og d er kjent som «terrorlovene».

30 mai 2013 definerte FN Islamsk stat som ein terrororganisasjon. 21. juni same år blei punkt d lagt til i den norske straffelova. Ein kan straffast med seks års fengsel dersom ein «danner, deltar i, rekrutterer medlemmer eller yter økonomisk eller annen materiell støtte til en terrororganisasjon».

Terrororganisasjonen heiter Den islamske stat Irak og Levanten (ISIL), seier påtalemakta. Han er i dag kjent som den såkalla Islamsk stat (IS).

ISIL, som blei til IS i fjor, var ein del av terrornettverket Al Qaida. Etter offensivar i Syria og Irak herskar IS i dag over store område i dei to landa. IS står bak massedrap på opposisjonelle og religiøse minoritetar, og er av FN definert som ein terrororganisasjon.

Samstundes som statsadvokat forklarte Oslo tingrett kva dei tre tiltalte skal vere ansvarlege for, melde NTB at «Opprørere fra ekstremistgruppen Den islamske staten (IS) har bortført minst 90 personer fra byer der det bor mange assyriske kristne».

LES OGSÅ: Terrortiltalte snakket om å angripe barnehage

Sverja truskap

Ein norsk-somalisk familiefar. To brør fødde i Kosovo. Tre norske statsborgarar. Fram til påske skal påtalemakta overtyde retten om at familiefaren og eldstebror i perioden 21. juni 2013 til 27. mai 2014 deltok «i en terrororganisasjon, ved at han i mai 2013 sverget troskap til terrororganisasjonen Den islamske stat Irak og Levanten (ISIL) og deretter tjenestegjorde med våpen for ISIL på forskjellige steder i Syria.

Han fikk tillatelse og reiste til Norge den 29. januar 2014 under forutsetning av å returnere til ISIL. I Norge forberedte han på ny å gjøre aktiv tjeneste for ISIL i Syria ved blant annet å anskaffe militært utstyr».

– Eg sverja truskap til IS og leiaren, Abu Bakr al-Baghdadi.

30-åringen stadfesta at han gjekk inn i IS. Men, la norsk-somaliaren raskt til, han hadde ikkje sett noko til dei ekstreme valdshandlingane IS utfører. Han visste heller ikkje at IS var klassifisert som ein terrororganisasjon internasjonalt då han avla eida.

– Det er ikkje akkurat slik at nokon sender ein SMS frå Norge med beskjed om at det har kome ein ny paragraf.

Men han vedgjekk at han hadde hatt våpen medan han deltok i IS – til bruk på reiser i fiendeland. Til dagleg var han ein ubevæpna hjelpearbeidar.

LES OGSÅ: Alle tiltalte nekter skyld i historisk terrorrettssak

Jihadistkommunen

30-åringens medtiltalte kjem frå kommunen som er blitt kjent som «jihadistkommunen»: Beste vest i Akershus, Bærum. Minst seks bæringar har reist til Syria som framandkrigarar.

To saker retta eit særleg sterkt søkelys mot Bærum. To norsk-somaliske søstrer reiste til Syria for å kjempe saman med IS – og dei er der framleis. Ein norsk kosovo-albanar reiste til Syria for å kjempe saman med IS – han døydde på slagmarka i april i fjor.

Alle kjem frå Bærum. 25-åringen som ofra livet er bror til dei to på tiltalebenken i Oslo tingrett. Det var til han brørne kjøpte militært utstyr som skulle sendast til Syria, seier påtalemakta. Men innan pakken blei sendt, kom bodskapen om at mellomstebroren var skoten.

Til lokalavisa Budstikka fortel far til brørne at medan eldstemann lenge var opptatt av fest og moro, byrja dei to neste å gå i moskeen og let skjegget gro.

I 2012 stod den eldste av dei to fram som talsmann for den ytterleggåande islamittiske gruppa Profetens Ummah på ein pressekonferanse:

– Vi driv ikkje med radikalisering. Tvert imot blir muslimar det de kallar radikaliserte på grunn av dykkar utanrikspolitikk, sa han til frammøtte journalistar.

To år seinare mista han livet i Syria. No er den eldre broren tiltalt for å ha kjempa for IS. No er den yngre broren tiltalt for å ha ytt materiell støtte til IS.

LES OGSÅ: Koptisk biskop vil tilgi IS for Libya-massakre

Straffbar støtte

I vekene fram til påske skal Oslo tingrett vurdere om det er prova at dei tiltalte med forsett slutta seg til ein terrororganisasjon – og at dei var klar over at det var ein terrororganisasjon dei sverja truskap til.

Det spesielle ved terrorsaka, er at den straffbare handlinga ikkje treng å vere ei konkret kamphandling, men at det å delta i eller støtte ein terrororganisasjon i seg sjølv er straffbart.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter