Nyheter

Tsar Putins landnåm

Anno er Vårt Lands årskavalkade. Én journalist, ett tema. Les alle historiene fra verden «Anno 2014» her!

Tsarens russiske imperium blei knust av revolusjonen i 1917 – og den første verdskrigen. Kommunistanes sovjetiske imperium følgde etter inn på skraphaugen i 1991 – det hadde rotna på rot.

Vladimir Vladimirovitsj Putin, Russlands sterke mann sidan 1999, viste i vinter kva ambisjonar han har for verdas største land, mål i kvadratkilometer. I mars røska han Krim laus frå Ukraina og sa at heretter tilhøyrde halvøya mor Russland. Fikenbladet var ei folkeomrøysting som «kravde» landbyte.

Mykje vil ha meir. I april tok prorussiske separatistar kontroll over distriktshovudstadane Donetsk og Lugansk aust i Ukraina – og på nytt «krev» folkeomrøystingar lausriving frå Ukraina. Putin hjelper til med å sende soldatar til landsmennene på den andre sida av grensa.

17. juli er den svartaste dagen i Ukraina-konflikta: Alle 298 om bord mistar livet då eit malaysisk passasjerfly blir skote ned over Aust-Ukraina. Alle spor peikar mot russiskstøtta milits som skal hatt hendene på knappane på russiskprodusert bakke-til-luft-rakettar.

President Putins landnåm kostar blod. Sidan kampane mellom ukrainske regjeringssoldatar og russiskstøtta milits starta i april, er over 4.000 menneske drepne, og nær 10.000 er skadde.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter