Nyheter

Kundar vil møte julestengde pol

Sjølv om ­regjeringa opnar for sal av vin og sprit på juleftan, nøler Vinmonopolet med å ­
halde ope.

Striden om opningstidene på Vinmonopolet har rast sidan ­januar. Då annonserte Solberg-regjeringa at forbodet mot å halde Vinmonopolet ope på jul-, nyttårs-, påske- og pinseeftan, pluss valdagar, skal skrotast. Folket skal få handle vin og sprit heilt fram til høgtidsfreden ­senkar seg.

Men det er ikkje stortings­politikarane som til slutt avgjer om Vinmonopolet skal halde ope på den mest omstridde ­dagen, 24. desember.

Siste ord i denne saka har ­leiinga i det statlege alkohol­selskapet. Leiar i helsekomiteen, Kari Kjønnaas Kjos (Frp), ­seier til Vårt Land at ­Stortinget ikkje påbyr Vinmonopolet å ­halde ope alle desse dagane. Lova blir endra slik at det blir mogeleg for polet å ha opne butikkar.

– Betyr dette at det er leiinga i Vinmonopolet som avgjer om det blir opne pol på juleftan, ­Kjønnaas Kjos?

– Ja, det betyr det.

LES MER: Ap og SV snur ber Høie stoppe julepol

'Kommersielle hensyn'. Dette betyr at det kan bli langt fram til opne pol på alle høgtidsdagar. For administrerande direktør­ Kai G. Henriksen og styre­leiar Hill-Marta Solberg er ikkje ­tilhengjarar av opne butikkane på juleftan:

«Åpne vinmonopol­butikker juleftan er neppe noe utbredt ønske fra folk flest. ­Kommersielle hensyn ­taler også for at Vinmonopolet ­holdes stengt juleftan», ­melder ­administrerande direktør Kai G. Henriksen i høyrings­brevet til Helsedepartementet. Syns­punkta blei formulert etter at styret hadde hand­sama ­liber­aliseringsforslaget til ­regjeringa.

Dagens styreleiar i det stat­lege alkoholselskapet er Ap-­veteranen Solberg. Fram til 2009 var ho nestleiar i ­partiet. Sjølv om Ap seier ja til ­høgtidsopne pol i parti­­­­pro­grammet, har partiet i vår snudd og vil no ­frede julekvelden.

LES MER: Fritt fram for julepol

Må ha mange kundar. ­Både Solberg og Henriksen var i går opptatt med styre­møte i Vin­monopolet og hadde ikkje ­høve til å kommentere opnings­tidsaka. ­Men ­kommunikasjonsdirektør ­­Halvor Bing ­Lorentzen ­stadfester at det blir opp til Vin­mono­polet å finne fram til nye opnings­­- tider.

– Blir det rom for å halde ope på juleftan vil nok ikkje alle våre butikkar vere opne. Vi må også ta kommersielle omsyn.

– Kva betyr det?

– Butikkar med godt kundegrunnlag vil vere opne, men det vil ikkje gjelde alle, seier Halvor Bing Lorentzen.

LES OGSÅ: KrF snur om jule-pol

Konsekvensen blir at ­mange nordmenn vil møte ­jule­stengde pol den 24. desember. ­Bare ­store, lønnsame butikkar i ­byar og store tettstader vil halde ope. Resten blir ­lukka. For når ­polleiinga snakkar om ­«kommersielle hensyn», snakkar dei mellom anna om lønns­kostnader. I dag har alle ­poltilsette fri på høgtidsdagane. Arbeids­takarorganisasjonane har sagt at dei er villige til å arbeide­, men då må lønna «spritast» ­monaleg opp.

LES OGSÅ: Protesterer helt til Høie snur om jule-pol

Admin­istrerande direktør Henriksen og styreleiar ­Solberg seier det slik: «Vinmonopolet fastsetter åpningsdager og åpningstider for landets vinmonopolbutikker ut fra om forventet salgsinntekt står i forhold til drifts­kost­nadene ved å ha ­butikken åpen», i høyringsbrevet.

LES OGSÅ: Sp vil presse bort Høies jule-pol

LES OGSÅ: Ber Høie droppe åpent jule-pol

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter