Nyheter

Paven fekk sterk dronningdrikk

Elizabeth II delte ut whisky.

Dronning Elizabeth gjestar Vatikanet. Då ho møtte pave Frans torsdag fekk han ei raus korg med faste og flytande britiske landbruksprodukt:

– Her noko frå godsa våre, sa dronninga og gav paven syltetøy, egg - og ei flaske skotsk whisky.

I korga fann overhovudet i den katolske kyrkja også «Grandad`s chutney» og ei handlaga såpe. Produsenten er på si side «Supreme Governor» i Church of England, som tok avskil med katolikkane allereie i 1534.

Det 17 minutt lange møtet mellom dei to kyrkjeleiarane er deira første.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter