Nyheter

Misjonen skjerpar tryggleiken etter terroren i Algerie

Ingen i Misjonssambandet har gjennomgått «gisselkurs».

Terroraksjonen i Algerie, der fleire Statoil-tilsette vart tekne som gislar, har fått norske misjons- og bistandsorganisasjonar til å skjerpe sine beredskapsrutinar.

– Vi har tilsette i områder der det er fare for kidnapping, slik som i Vest- og Aust-Afrika og delar av Asia. Vi vil ta lærdom av det som har skjedd i Algerie, seier leiar for utanlandsavdelinga i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Hjalmar Bø.

Den største misjonsorganisasjonen i landet registrerer at vestlege og internasjonale fellesskap er utsette for terror. Fram til no har ingen av NLM sine tilsette i utlandet fått kurs eller trening for korleis dei skal oppføre seg i gisselaksjonar.

– Det har ikkje vore nødvendig fram til no. Men for nokre område kan det bli aktuelt. Det har vore snakk om å delta på lokale kurs på nokre av plassane i regi av FN.

– Korleis er dykkar beredskap i forhold til norske oljeselskap og andre bedrifter i utlandet?

– Det er vanskeleg å seie, men vi har blitt tvinga til å lære. Vi har alltid hatt beredskapsplanar som har fungert, og som vi har forbetra kvar gong vi har blitt utsett for noko, seier Bø.

Hadde for dårleg beredskap. Frå å berre ha hatt generelle retningslinjer for krisehandtering, skjerpar no Strømmestiftelsen sine beredskapsplanar.

– Eg vart uroleg for våre tilsette i Nord-Afrika etter militærkuppet i Mali i 2011. På det tidspunktet hadde vi ikkje gode nok beredskapsmanualar. Det jobbar vi no med å betre, seier Øyvind Aadland, generalsekretær i Strømmestiftelsen.

Eit av grepa er at Strømmestiftelsen no samarbeider med EU-CORD, eit nettverk av trus- og bistandsorganisasjonar. To av organisasjonane i dette nettverket har opplevd kidnapping av sine tilsette, noko Strømmestiftelsen har fått hauste lærdom av.

– Vi er også i kontakt med Leger Uten Grenser for å lære av deira gode arbeid med beredskap. Vi tenker også på å kontakte andre norske misjons- og bistandsorganisasjonar. Vi tener alle på å lære av kvarandre, seier Aadland.

– No må vi lære. Generalsekretær i Digni, Jørn Lemvik, meiner at det er tid for å lære. Paraplyorganisasjonen har 19 misjonsorganisasjonar og kyrkesamfunn i Norge som samarbeidspartnarar.

– Krise og terror som ikkje rammar oss sjølve er ein gyllen moglegheit til å lære. Akkurat det som ramma Statoil, kan ramme oss. Vi er dumme om vi ikkje nyttar denne moglegheita, seier leiaren for paraplyorganisasjonen.

Digni vil no snakke med leiarane i sine samarbeidsorgansiasjonar om dei har gode nok beredskapsplanar.

– Er norske misjonsorgansiasjonar dårlegare på beredskap enn norsk olje- og næringslivsorganisasjonar i utlandet?

– Misjonsorganisasjonane er langt bak når det gjeld beredskap og tryggleik. Men vi har ein annan måte å leve på som gjer oss litt mindre sårbare. I sum så er det vanskeleg å seie kven som er best. Terrororganisasjonar kan vere interesserte i å ramme alle partane, seier Lemvik.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter