Nyheter

Grunnlovsendring for skulebøn i Missouri

87 prosent av veljarane i delstaten Missouri i USA stemte for at skulebarn skal få be på skulen.

Lova «Amendment 2» som på folkemunne blir kalla «Right to Pray», kan sikre grunnlovsendringar i delstaten på følgjande punkt, skriv amerikanskpolitikk.no:

Skuleborn skal ha rett til å be og vedkjenne Gud på sin skule.

Innbyggjarane sin rett til å uttrykke si religiøse tru på offentlege stader skal ikkje krenkast.

Alle offentlege skular skal henge opp eller vise fram Den amerikanske grunnlovas Bill of Rights

Overflødig? Berre fattige 17 prosent stemte imot lova tysdag. Samtidig strides dei lærde om lovforslaget er overflødig. Tilhengjarane seier «Right to Pray» vil bidra til å beskytte Missouri kristne. Dei kristne utgjer omlag 80 prosent av befolkninga i staten som ligg i utkanten av bibelbeltet i USA. Fleire av dei meiner retten til å praktisere trua på offentlege plassar er truga.

Søksmål. Ein leiarartikkel i New York Times hevdar at grunnlova allereie beskyttar retten til å be, både på delstatsnivå i Missouri og på føderalt nivå, i tillegg til at Høgsterett i Missouri beskyttar dette.

Lovtilleggsforslaget frå den republikanske delstatsrepresentant Mike McGhee kan derimot skape forvirring og uro i klasseromma sidan elevar kan «nekte å lese eller gjere ting som dei hevder krenkar deira religiøse syn». Til dømes kan elevar som ikkje trur på evolusjonsteorien nekte å lære om dette. Det kan skape strid om kven som styrer læreplanen, skriv avisa.

Krev Jesus. Forslaget kan også føre til søksmål der folk krev å få velsigningar i spesifikke religionars namn ved offentlege arrangement. Til dømes kan ein krevje å bli velsigna i Jesu namn. Dette bryt med grunnlova der som berre tillet såkalla ikkje-sekterisk velsigning. Dagens skikk er å bruke «Den Allmektige» som kan gjelde for alle religionar, skriv New York Times.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter