Nyheter

Ber valdtektsoffer kontakte politiet straks

Mange venter for lenge, seier fyrstestadsadvokat.

Festivalsommaren er høgsesong for valdtekter, og sjeldan vert brotsmannen teken: 76 prosent av dei etterforska valdtektene i 2009 vart lagde vekk.

Tala får fyrstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes til å kome med ei bøn til alle som vert offer for valdtekt: Ta kontakt med politiet straks for å sikre spor.

- Ein god del av meldingane får politiet lenge etter at valdtekta fann stad. Det skapar store vanskar for etterforskinga, påpeikar Soknes, som leiar Trøndelag stadsadvokatembete og har som påtalejurist stor kunnskap om valdtekter; han var nestleiar i valdtektsutvalet som la fram NOU-rapporten Fra ord til handling i 2008.

Festivalovergrep. I helga vart det meldt om ni valdtekter eller forsøk på valdtekt. I Suldal arresterte politiet ein 16 år gammal gut etter at ei ung kvinne skal ha vorte valdteken under Ungkarsfestivalen natt til laurdag. I Trøndelag vart det motteke tre valdtektsmeldingar, og ein 16-åring er sikta for valdtektsforsøk på ei 17 gammal jente under Vannspeilet-festivalen i Orkanger. I Stavern og i Kristiansand melde to kvinner frå om grove overfallsvaldtekter natt til laurdag. I tillegg er to menn sikta for valdtekt av ei kvinne på Karmøy natt til søndag.

Det siste halvåret har mange overfallsvaldtekter i Oslo og Trondheim skapt stor debatt i media.

Manglar prov. Svært få valdtektsovergriparar vert dømde, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). 658 av 853 etterforska valdtektssaker i 2009 vart lagt vekk på grunn av manglande prov eller gjerningsmann. Dette utgjer 76 prosent av sakene.

- Desse tala er på ingen måte overraskande, seier fyrstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes.

Då han saman med resten av valdtektsutvalet la fram rapporten i 2008 bad dei politiet gjennomføre fleire tiltak for å sikre spor og prov i valdtektssaker. I dag seier Soknes at politiet må reagere raskare når dei får inn ei melding om valdtekt.

- For etterforskinga er det alfa og omega å vere tidleg ute med å sikre spor. På dette området er startmotoren framleis for treg, hevdar han.

Har betra handteringa. Soknes tykkjer likevel at politiet har betra handteringa av valdtektssaker dei siste åra.

- Ein såg at sakshandsaminga ikkje var god nok, og var villege til å innrømme dette. Den siste tida har det vorte meir fokus på valdtekt, både i media og internt i politiet, noko som har ført til at desse sakene har fått ei høgare prioritering, seier han.

I det skjulte. Soknes trur likevel ikkje at dette kjem til å syne i oppklåringsstatistikken med det fyrste.

- Overgrep går føre seg i det skjulte, og er vanskeleg å prove i etterkant. Skuldspørsmålet står og fell difor ofte på vurderinga av offerets truverd, forklarer han.

I ein fersk rapport frå Oslo politidistrikt, Voldtekt i den globale byen, vert det framheva at Noreg har ein relativt høg prosentdel bortlagde valdtektssaker, og FNs kvinnekommisjon har fleire gonger kritisert Noreg for at så få valdtektsmeldingar endar med domfelling.

80 prosent auke. Ifølgje SSB har talet på politimelde valdtekter auka kraftig dei siste åra. Frå 2000 og fram til 2010 auka registrerte meldingar frå 512 til 938, ein vekst på over 80 prosent.

- Auken fortel oss at fleire melder frå om valdtekt, men framleis er mørketala svært store. Truleg vert ni av ti valdtekter ikkje melde til politiet, seier Soknes.

DIXI Ressurssenter for valdtekne estimerer at det i løpet av eitt år skjer mellom 8.000 og 16.000 valdtekter i Noreg.

Undersøkingar frå Sverige syner at mistillit til systemet er ei viktig årsak til at mange let vere å melde frå om voldtekt. Soknes trur ei slik forklaring også gjeld for Noreg.

- Vi har enno ikkje klart å innfri dei krava vi vert stilt overfor. Handsaminga tar for lang tid, og frifinningsprosenten er for høg.

Har gjort mykje. Seksjonsleiar i Politifagavdelingen for forebygging og kriminalitetsbekjempelse, Morten Hojem Ervik, meiner det har blitt gjort mykje for å betre handsaminga av valdtektssaker dei siste åra.

- Vi har blant anna utvikla ein mal for valdtektsetterforsking og oppretta fleire stillingar i Kripos som hjelper lokalt politi. Dessutan har mange politidistrikt fått til eit god samarbeid med valdtektsmottaka, seier han.

Hojem Ervik meiner at den auka profesjonaliteten og kompetansen i politiet vil få ned mørketala.

- Vi vinn tillit ved at valdtektsoffer vert tekne i mot på ein god måte. Dette, saman med at samfunnsdebatten fokuserer på valdtekt, kan få ned terskelen for å gå til politiet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter