Nyheter

Død eller levande

I haust kjem det ei ny bibelutgåve på norsk. Eitt av dei omgrepa som har vore utfordrande for omsetjarane, er det greske ordet sarks som i norsk bibel- og kyrkjespråk har fått ulike uttrykk: kjøt, lekam, den vonde natur o.l.

Paulus talar strengt om kjøtet i dagens tekst: Det kjøtet vil, er død og fiendskap mot Gud. Mange kritiserer Paulus for å vera negativ til det kroppslege og skilja for kvasst mellom ånd og kropp. Men opp gjennom kyrkjesoga har det også vore mange som har freista «speke sitt kjød». Dei har gjennom forsaking og askese prøvd å skapa betre vilkår for åndeleg liv og finna tettare inn til Gud.

Ein kan gjera mange freistnader på å kontrollera kroppen både i religiøs og verdsleg meining. Men same kva føremålet med kroppsdressuren er, må vi erkjenna at alt kroppsleg er forgjengeleg.

Men teksten seier også noko om livet i Anden, som fortener stor merksemd. Dei som høyrer Kristus til, har Kristi Ande. Det er altså ikkje dei som har fornekta alt kroppsleg, dei som har særlege åndelege opplevingar eller er «høge» på spiritualitet, som har Anden, men Guds born i Kristus, frelste og døypte i hans namn. «Det Anden vil, er liv og fred», seier Paulus. To vidunderlege ord. 'Liv', evig liv, og 'fred', fred med Gud, stundom opplevd, men heile tida reell.

Og sjå berre, om ikkje det paradoksale hender at død blir liv, jamvel for kroppen: Kroppen er død på grunn av synda, seier Paulus, ånda levande på grunn av Guds rettferd. Og «dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar dødelege kropp levande ved sin Ande, som bur i dykk

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter