Nyheter

Lov å tape meir på bingo

Kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) meiner bingospelarar skal få lov til å tape meir enn dei som spelar på speleautomatar.

Etter ei fersk lovendring tilbyr no staten to typar automatspel via Norsk Tipping:

• På vanlege speleautomatar er det ikkje mogleg å tape meir enn 400 kroner per dag og maksimum 2.200 kroner i månaden.

• PÅ dei nye bingoautomatane er det mogleg å tape inntil 800 kroner per dag og inntil 4.000 kroner i månaden.

Sintare. Vårt Land fortalde i sommar at statsselskapet Norsk Tipping hadde søkt Kulturdepartementet om lov til å setje ut 1.500 nye bingoautomatar i norske bingohaller. Dei gamle, som var eigde av bingoentreprenørar, blei forbodne 1. april i år.

Norsk Tippings ønskjer å freiste bingospelarar med automatar som er langt «sintare» enn dei speleautomatane dei har plassert ut, som blir omtala som «snille».

No har kulturminister Anniken Huitfeldt sagt ja: Norsk Tipping kan berre starte å rulle ut dei nye bingoautomatane.

Kulturdepartementet har nemleg fastsett nye reglar for Norsk Tippings nye terminalspel i bingolokale. Spela skal erstatte bingoautomatane som er forbodne.

Gevinstar. Huidtfeldt ønskjer å auke interessa rundt dei tradisjonelle bingospela. Difor har departementet vedteke å auke maksimalgrensene for gevinstar frå 4.000 kroner til 5.000 kroner og for jackpotgevinstar frå 36.000 kroner til 70.000 kroner.

Reglane tek til å gjelde frå 1. januar 2011. For enkelte av dei nye reglane som krev teknisk tilpassing, er ikraftsetjinga fastsett til 1. juli 2011.

Kritisk. Pengespelforsker Mariann Hansen ved Statens institutt for rusmiddelforsking meiner at innstrammingane på speleautomatmarknaden har vore gode. Difor var ho skeptisk til at staten ville ha andre grenser for bingoautomatar:

- Om dei nå skal slakke opp igjen, blir det uheldig, sa ho til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter