Nyheter

Var gissel i Sudan i 105 dagar - kristen hjelpearbeidar sett fri

Organisasjonen takkar Gud og to regjeringar.

Ein hjelpearbeidar for den kristne hjelpeorganisasjonen Samaritans Purse vart sett fri måndag etter å ha vore gissel i 105 dagar.

Flavia Wagner er 35 år og var utmatta, men ved god helse, ifølgje ein talsmann for organisasjonen.

18. mai vart Wagner saman med ein sudanske tilsett og ein sjåfør kidnappa då bilane deira vart stogga vel 2 mil sørvest for Nyala i Darfur i Sudan, melder Christian Post.

Dei tre kidnappa vart del av eit team på ti personar som dreiv oppbygging av undervisning. Sju dagar etter kidnappinga vart dei to sudanske gislane sette fri.

No er også Wagner fri.

– Vi takkar gud for at Flavia er trygg og friu, seier Franklin Graham som er president i hjelpeorganisasjonen.

–… Vi er takksame for hjelp frå regjeringa i Sudan og regjeringa i USA, seier han.

– Folk verda rundt har vore i bøn for tryggleiken hennar og for at ho skulle bli sett fri.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter