Nyheter

Muslim melder seg inn i KrF

Per Yousef Assidiq vil kjempe for eit meir verdikonservativt parti.

Per Yousef Assidiq seier til Klassekampen at han trur at mange muslimar vil vurdere å stemme KrF.

Han er konvertert, konverteringa til islam skjedde i februar i fjor. Han vart presentert som punkrockaren som fann Allah. No er han nyinnmeld i KrF, ifølgje avisa.

– Eg trur at mange muslimar vil vurdere å stemme KrF fordi dei på same måten som kristne ser behovet for eit religiøst parti i Noreg, seier Assidiq til avisa.

Eit samrøystes strategiutval i KrF, leia av Dagrun Eriksen, har føreslege å fjerne truskravet for tillitsvalde. Utvalet ville byte ut denne vedkjenningsplikta med eit lojalitetskrav til program og ideologi og ein nyformulert føremålsparagraf som tydeleggjer kva som er målet for KrF.

LES OGSÅ: Imam vurderer å melde seg inn i KrF

Sentralstyret og partileiar Dagfinn Høybråten har følgd opp med å opne for endring, men ved å gå inn for å lage andre formuleringar enn strategiutvalet.

Assidiq trur at muslimsk tilstrøyming til KrF vil gjere KrF meir verdikonservativt, med ein skjerpa religiøs profil.

– Det er heile poenget med partiet. Det er ingen grunn til å tru at praktiserande muslimar er mindre religiøse enn dei praktiserande kristne, seier Assidiq til Klassekampen.

Til Nettavisen seier nestleiar Inger Lise Hansen at det er hyggeleg at fleire viser interesse for partiet, men:

- Eg trur han har misforstått: Vi ønskjer ikkje å byggje eit religiøst parti, men eit verdiparti som byggjer på et kristent verdigrunnlag, seier ho.

Hvis han vil jobbe i et religiøst parti, er ikke dette partiet for ham.

Mange hugsr Assidiq frå den store demonstrasjonen mot karikaturteikningar på Universitetsplassen i Oslo 12. februar. Appellen til Mohyeldeen Mohammad, som åtvara mot et norsk 11. september, fekk både trusfeller og andre til å reagere kraftig.

- Eg ser at han vil gjere KrF meir konservativt, legg Hansen til og seier at det vil alltid vere ein dragkamp internt i eit parti om kva partiet skal vere.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter