Nyheter

Misjonærpappa vert nekta opphald i Noreg

Då familien Enconado ville heim til Noreg etter 15 år på Filippinane, fekk ikkje far opphaldsløyve. Misjonærinntektene var for små.

Ekteparet Roberto og Heidi Enconado gifta seg i Noreg for 15 år sidan og flytta til Manila på Filippinane kort tid etterpå.

I mellomtida har mykje skjedd. Tre born har kome til i familien. Men også norsk integreringslov er endra, og då familien i fjor skulle flytte attende til Drammen, måtte far Roberto verte verande i Manila.

217.000 kr. Misjonærløna frå slummen i Manila fylte ikkje krava som vert stilt til utanlandske statsborgarar som vil søke opphaldsløyve i Noreg. Under Bondevik II-regjeringa vart det innført ei lov som skulle motarbeide tvangsekteskap. Lova inneber eit underhaldskrav der Heidi Enconado må ha ei inntekt på 217.000 kroner for at ektemannen skal få komme til Noreg.

Familien vil sjølv ikkje kommentere saka i media, men Vårt Land har vore i kontakt med fleire andre som har engasjert seg i saka. Ein av dei er stortingsrepresentant for KrF, Geir Jørgen Bekkevold, som meiner vedtaket frå Utlendingsdirektoratet (UDI) er hårreisande.

– Denne saka har opprørt meg. Her vert ein familie splitta som har gjort ein kjempejobb i utlandet. Eg hadde trudd at det var heilt opplagt at han skulle få opphald på humanitært grunnlag, seier Bekkevold.

Burde gjort unntak. Han tok sjølv opp saka på Stortinget før ferien, og fekk til svar frå justisminister Knut Storberget (Ap) at Justisdepartementet følgjer med på praktiseringa av regelverket og vurderer om det er behov for endringar.

Bekkevold meiner UDI i denne saka burde gjort unntak frå lova, slik dei har høve til.

– Formålet med lova er å hindre tvangsekteskap. Det er absolutt ikkje tilfellet her. Det verker som det er vanskeleg å kunne bruke skjønn, og at UDI følgjer lova slavisk.

No meiner KrF-representanten at UDI bør gå gjennom lova, slik at underhaldskrav ikkje rammer familiar som har drive idealistisk arbeid i utlandet.

Fokus på borna. Familien Enconado har jobba for De norske pinsemenigheters ytremisjon (PYM) på Filippinane, og er framleis knytt til arbeid i pinse-kyrkja i Drammen. General-sekretær i PYM, Bjørn Bjørnø, er djupt ueinig i UDI sitt vedtak.

– Dette er ein familie som har drive med idealistisk arbeid og teke ut lite i løn sett med norske auge. At ei slik idealistisk innstilling skal slå kontra på denne måten, er vanskeleg å forstå.

Bjørnø uttrykkjer forståing for at lova om underhald fins, men meiner det i saker som denne burde bli tatt spesielt omsyn til situasjonen. Han viser til at det også kan finnast fleire misjonærfamiliar som kan hamne i same situasjon i framtida.

– Borna sin rett til samvere med mor og far burde stå i sentrum, meiner Bjørnø, som synest det er rart at UDI ikkje har tatt omsyn til kva type arbeid familien har gjort.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter