Nyheter

Kristen erklæring samla nær 60.000 underskrifter

Kristen mobilisering før det britiske valet skapte intens debatt.

Erklæringa The Westminster Declaration vart kunngjort påskedag av sentrale kyrkjeleiarar som tidlegare erkebiskop George Carey, leiaren for den katolske kyrkja i Skottland og leiaren for Den evangeliske alliansen.

Fråsegna kravde vern om menneskelivet, vern om ekteskapet og vern om samvitsfridommen. Underskrivarane frå ulike kyrkjesamfunn og organisasjonar utfordra britiske leiarar til å forsvare desse verdiane – mellom anna mot utfordringa frå homofile ekteskap.

LES OGSÅ: Kristenfolk skaper harme

– Fråsegna har skapt livleg debatt og kontrovers. Somme har meint det var rett å gjere dette, andre ikkje. Kristne sin plass er blitt tema i den offentlege debatten, og det er bra. At vi skulle få stor påverknad på det samla valutfallet, er det ingen som har trudd, seier Don Horrocks, informasjonssjef i Den evangeliske alliansen til Vårt Land.

Desillusjonert. Westminster-fråsegna var partipolitisk nøytral.

– Mange kristne er i aukande grad desillusjonerte av politikk som følgje av utgiftsskandalen (at politikarar har brukt offentlege pengar til å pusse opp eigne bustader), det økonomiske tilbakeslaget og mangelen på respekt for ekteskap og familie. Dei ser også at sårbare menneske vert marginaliserte, og dei har sett ferske rettsavgjerder som har kosta vanlege kristne jobben, seier tidlegare biskop Michael Nazir Ali i Rochester på nettsida til Westminster 2010.

Fråsegna var inspirert av Manhattan Declaration, ei amerikansk fråsegn som til no har samla over 442.000 underskrifter etter lanseringa 20. november i fjor. Også den handlar om vern om livet, ekteskapet og religionsfridommen.

LES MEIR OM FRÅSEGNA I PAPIRUTGÅVA I MORGON

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter