Nyheter

Hitler i polsk abortkampanje

Ein ultrakonservativ organisasjon brukar Hitler i ein aksjon for totalforbod.

Denne plakaten er no hengt opp i ei rekkje polske byar:

Adolf Hitlers ansikt saman med bilete av aborterte foster i sitt eige blod - med teksten «Abort for polske kvinner. Innført av Hitler 9. mars 1943.«

Det er den ultrakonservative organisasjonen Pro som står bak kampanjen. Han krev eit absolutt forbod mot abort i Polen, melder Jyllands-Posten.dk.

Lovleg. I avisa Gazeta Wyborcza seier ein talsmann for Pro, Mariusz Dzierzawski, at abort er «bestialsk». Han fortel at plakaten spelar på lova som dei tyske okkupantane innførte i Polen i 1943. Medan abort var forbode i Tyskland, tillet nazistane abort i Polen.

Mariusz Dzierzawski forsvarar den provoserande kampanjen, og seier kampen mod abort med tradisjonelle middel er «meiningslaus».

- Vi har ikkje noko anna val enn å gripe til omstridde metodar, seier han til avisa.

Reagerer. Men andre konservative abortmotstandarar finn Pros kampanje smaklaus. Sjefredaktør Adam Boniecki i det katolske vekebladet Tygodnik Powszechny meiner Pro opptrer uetisk:

- Dei har gått over streken.

Polens abortlov er ein Europas mest restriktive. Berre eit fåtal kvinner blir innvilga abort kvart år.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter