Nyheter

Kari Vigeland: Krenkande sjukeheimsinvasjon

Politikarar på valkamp brukar gamle og sjuke som kulisse.

Etikkleiaren i Sjukepleiarforbundet meiner det er uheldig at toppolitikarar rykkjer inn på sjukeheimar i valkampen.

Marie Aakre fryktar at teieplikt og samtykkereglar må vike, og seier ho kjende ubehag då ho på fjernsyn såg innslag med ein stor politikardelegasjon med rådgjevarkorps og media på slep innta ei fullsett daglegstove på ein sjuke-heim. Der sat «nyfriserte og pynta pasientar» som Aakre meiner blei «brukte som kulisse for dei gjestande politikarane sin eigennytte».

LES OGSÅ: Eldreomsorg på dagsorden

Gro, Jens, Bjarne, Siv. Ei av desse daglegstovene var på Lørenskog Sykehjem i midten av august. På besøk var statsminister Jens Stoltenberg, helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen og tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland. Arrangør: Det norske Arbeidarparti. Prosjekt: Presenterer ein ny eldreplan.

Same dag var Siv Jensen på Ammerudhjemmet i Oslo. Ho refsa der den privateigde sjukeheimen for å ha 18 dobbeltrom. Sist laurdag presenterte Siv Jensen det nye hundredagarsprogrammet sitt på det private omsorgssenteret Ringvåltunet i Trondheim.

Gløymer reglane? No ber Aakre rett og slett politikarane om å halde seg unna sjukeheimar og andre helseinstitusjonar med slike arrangement.

Det er så kjekt å møte statsministeren at ein fort kan gløyme dei vanlege reglane for samtykke, teieplikt og vern om menneske i sårbare situasjonar, seier Aakre.

Ho seier at politikarane gjerne må drøfte eldrepolitikk med sjukeheimstilsette og med pasientar som eksplisitt har samtykka til å vere med.

Eigennytte. Det er ikkje tvil om at det er av eigennytte politikarane kjem i ein valkamp. Sårbare menneske vert gjorde til kulisse for eit anna føremål enn å hjelpe dei. Slik eigennyttemaksimering er ei krenking av sårbare menneske, seier Aakre som har fleire spørsmål:

Er det andre reglar for personvern når det er valkamp og statsministeren kjem på besøk, enn det er elles? Klarar vi å ivareta verdet for den enkelte i slike situasjonar?

Aakre minner om at uvedkomande til dømes dei som skal rigge til før møtet og dei som kjem frå media kan bli vitne til «det som vanlegvis vert oppfatta som fortruleg informasjon» om pasientar og pårørande.

Vær varsam? Er det greitt? Eg synest ikkje det. Kva seier Vær varsam--plakaten om dette? seier Aakre med adressa til media. Men den sterkaste utfordringa har ho til topp-politikarane som statsministeren: Dei må vere særleg varsame.

Ho meiner det er krevjande av ein leiar for ein sjukeheim å seie nei når statsministeren spør om å få komme til ei fullsett daglegstove. Ein sjukeheimsleiar må i tilfelle snakke med kvar einaste på sjukeheimen for å finne ut om det verkeleg er i orden. Difor meiner Aakre politikarane må finne andre arenaer, som tilsette og pasientar som uttrykkjeleg har sagt ja.

Eit positivt møte. Politisk rådgjevar Mina Gerhardsen hos statsministeren seier dei er opptekne omsyna Aakre tek opp.

Vi er opptekne av at eit besøk av statsministeren skal vere positivt både for tilsette og pasientar på ein sjukeheim, seier Gerhardsen.

Ho seier at før ei slik gjesting er det alltid folk på plass på førehand for å førebu sjukeheimen på ein heil tropp med fotografar. Det vert sikra at dei som får besøk av statsministeren på rommet, har sagt ja.

LES OGSÅ: Verdighetsgaranti i eldreomsorgen fra 2011

Kulisse. Men Aakre kritiserer at folk i ei fullsett daglegstove vert gjorde til ei kulisse?

Folk har høve til å la vere å sitje i eit fellesrom når det er pressekonferanse der. Det er eit individuelt val om dei ønskjer å vere til stades, seier Gerhardsen.

Statsministeren er ofte på besøk og media er ofte med.

Erfaringa vår er at folk synest det er stas at statsministeren kjem. Folk vil gjerne at han skal prate med alle og ikkje berre med nokre få. Statsministeren er ute for å lære, og då må han også møte pasientar, seier Gerhardsen.

Spør alltid. Politisk rådgjevar Lubna Fjell hos helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen seier at dei er opptekne av å ikkje bruke folk mot sin vilje. Det vert, seier ho, alltid spurt på førehand.

Føremålet er ikkje å komme inn på sårbare menneske eller å bruke folk i valkampen. Men folk kan kjenne seg misbrukte. Difor passar eg ofte på å spørje mediefolk om dei har fått løyve til å ta bilete, seier Fjell.

 Vurderte pasientar. SInformasjonssjef Sindre Beyer i Ap hadde ansvar for møtet på Lørenskog. Han seier at sjukeheimen vurderte kven av pasientane som var i stand til å ta stilling til eit slikt møte. Berre desse vart inviterte, seier Beyer.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter