Nyheter

Sterk religions-interesse for Obama

Halvparten av religions-artiklane i valkampdekninga handla om Obama.

Det viser ei undersøking form Pew Forum har gjort i 48 media si dekning av den amerikanske valkampen. Langt fleire artiklar som hadde med religion å gjere, handle om Obama enn om republikanarane.

Grunnen var, nedslåande nok for Obama, først og fremst dei falske rykta om at han var muslim og om forholdet til den kontroversielle pastoren Jeremy Wright, viser undersøkinga.

Det var minimalt med forsøk frå media si side på skikkeleg å undersøkje den rollen som trua spelar for politiske verdiar og politikken til kandidatane, om vi ser bort frå den republikanske visepresidentkandidaten Sarah Palin. Ho har vore tydeleg på trua si.

Og når større media skreiv om religion, var samanhengen ofte negativ, kontroversiell eller fokusert på eit oppatta politsk problem, konkluderer Pew Forum.

Undersøkinga vart gjort mellom 1. juni og 15. oktober av Pew Forum sitt prosjekt for framståande journalistikk.

4 prosent av valkampdekninga handla om religion. Det var mindre enn Irak-krigen (6 prosent) og den økonomiske krisa (9 prosent), men klart meir enn til dømes energisaker og klimaspørsmål. Religion fekk akkurat like mykje omtale som rasespørsmålet, skriv Pew Forum.

16. august samla Rick Warren i Saddleback dei to presidentkandidatane til ein diskusjon. Det møtet gjorde at religion utgjorde 10 prosent av valkampdekninga den veka, men temaet sank igjen veka etter.

Les hele rapporten her (Pew Forum)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter