Nyheter

Fleire unge får psykiatrihjelp

Talet på polikliniske konsultasjonar for barn og unge er meir enn tredobla sidan år 2000.

– Dette viser at vi når måla våre, seier Psykologforeininga.

Fleire unge treng hjelp i kvardagen, opplyser Hjelpetelefonen til Mental Helse. Identitetsproblem, depresjonar, spiseforstyrringar og angst fører i verste fall til at enkelte vurderer å ta sitt eige liv.

Fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at talet på polikliniske konsultasjonar for psykisk sjuke barn og unge er meir enn tredobla, 563.000 i 2007 mot 169.000 i 2000. SSB understrekar at dette er snakk om konsultasjonar, ikkje enkeltpersonar. Det betyr at ein pasient kan stå for fleire konsultasjonar.

– Framleis tabu. Dagleg leiar for Hjelpetelefonen til Mental Helse, Inger Ellingsen, meiner tala viser at fleire unge har psykiske problem i dag enn tidlegare.

– Folk snakkar ikkje med kvarandre. Dessutan vert det stilt stadig større krav til barn og unge. Ein skal vere vellukka for å ha eit godt liv.

– Kva kan ein gjere for å betre den psykiske helsa?

– Folk bør vere meir opptekne av menneska rundt seg. Mange er einsame, spesielt i storbyane. Det er for lett å drukne i den store flokken.

Ellingsen trur det framleis er tabubelagt å søkje hjelp for folk som slit med psykiske sjukdommar, og samanliknar dette med folk som slit med alkoholmisbruk.

Mørketal. Mental Helse Ungdom Kristiansund, representert ved lokallagsleiar Lis Ailin Landstad, deltok for ei stund sidan på ein debatt om unge og spesialisthelsetenesta. Landstad trur årsaka til at fleire psykisk sjuke unge får hjelp er at ungdommen har blitt flinkare til å prate saman.

– Men eg trur det er store mørketal, mange vegrar seg framleis med å ta kontakt.

– Kva gjer Mental Helse Ungdom med dette?

– Vi har tru på undervisningsprogram i skulen. Blant anna opplyser vi skuleungdommar i den vidaregåande skulen.

Landstad saknar eit betre helsetilbod rundt om på skulane og meiner det er alt for lite kvalifisert personell på norske skuleinstitusjonar.

– Mange helsesøsterkontor har gjerne berre ope ein gong i veka. Dessutan bør det bli tilsett fleire psykologar i helsetenesta i skulen.

– Når måla. Norsk Psykologforening meiner det ikkje er noko dramatisk med desse tala. President Tor Levin Hofgaard seier utviklinga skjer som følgje av regjeringa sin opptrappingsplan for psykisk helse. Planen løyvde nesten ein milliard kroner i statsbudsjettet for 2008.

– At fleire unge vert sendt til spesialist viser berre at måla vert nådde. Det finst liten dokumentasjon på at fleire unge slit med den psykiske helsa.

Hofgaard trur folk som søkjer spesialisthjelp i mindre grad vert stigmatiserte i dag enn tidlegare. Det gjer at det vert lettare å ta kontakt, meiner han. Men sjølv om presidenten er nøgd med at unge oppsøkjer hjelp, skulle han gjerne sett at tilbodet vart betra i Kommune-Noreg.

– Den sjukehusdrivne spesialisttenesta for psykisk sjuke er blitt mykje betre, men eg etterlyser eit felles lågterskeltilbod rundt om i kommunane. Eit felles helsesenter med samla ekspertise som til dømes psykologar, jordmødrer, legar og kiropraktorar, kan gjera det endå lettare å få hjelp for dei som treng det.

Hofgaard viser til gode røynsler med slike helsesenter i kommunane Lørenskog og Fjell.

Helsedirektoratet opplyser, i tråd med Psykologforeininga, at den store auka i talet på barn og unge som vert sendt til spesialisthelsetenesta er i tråd med opptrappingsplanen for psykisk helse. Ut over dette vil ikkje direktoratet kommentere saka.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter