Nyheter

Alkoholangst blant gravide

Avhaldskampanje retta mot gravide kritiserast sterkt også i Danmark.

Norsk og dansk kampanje som skal få gravide kvinner til å halde seg borte frå alkohol får sterk kritikk. Haukeland Universitetssykehus opplever at gravide kjem til fastlegen sin og bed om abort fordi dei har teke eit glas vin eller ein drink tidleg i svangerskapet. Kvinnene viser til Helsedirektoratet sin kampanje som fortel at eit glas vin kan skade fosteret, og blant anna føre til lærevanskar og konsentrasjonsproblem for barnet seinare i livet.

Norsk gynekologisk forening (NGF) reiser hard kritikk mot kampanjen, melder bt.no.

– Mange kvinner opplever bodskapen som trugande og skremmande, seier overlege dr. Knut Hordnes til avisa.

Slo alarm. Gynekologspesialist Kristina Johannessen var den som først slo alarm om verknadene av skremselskampanjen. Det var etter at ho hadde hatt to tilfelle av kvinner som vurderte abort fordi dei hadde tatt nokre utepils i tida før dei vart gravide.

– Det er all grunn til å vere oppteken av kvinners drikkemønster, men det blir feil å fokusere så sterkt på små mengder når forskinga kring skadeverknadene er så usikre, seier ho til bt.no.

Dei danske helsestyresmaktene Sundhedsstyrelsen har ein liknande kampanje. Den består blant anna av store plakatar, ei heimeside og ein nettvideo, melder Kristeligt Dagblad,

Hovudbodskapen om at gravide skal vere tørrlagde under svangerskapet vert illustrert med fostre.

– Eg bryr meg ikkje om kampanjen fordi dei bileta som vert brukt minner om verkemidla abortmotstandarane bruker. Dei burde heller nytta bilete av ei pen gravid kvinne, meiner Charlotte Wilken-Jensen, leiande overlege på Roskilde Sjukehus.

– Foster bli skadde. Ho får støtte av formannen for foreininga Sex og Samfund, Christian Graugaard.

– Sundhetsstyrelsen risikerer med dette å gje fleire kort til abortmotstandarane. Over heile den vestlege verda vert det for tida problematisert at kvinner har rett til å bestemme over eigen kropp, seier han, og held fram:

– Det er ikkje til å komme frå at ein avbryt eit spirande liv ved å ta abort. Men dette gjer eit foster til eit menneske. Det er eit triks vi kjenner frå kristne fundamentalistar i USA.

Graugaard trur kampanjen kan gje kvinner som tek abort unødvendig dårleg samvit.

Else Smith i Sundhedsstyrelsen meiner på si side at det er tale om menneske, ufødde barn si framtid.

– Det er ein realitet at foster risikerer å bli skadde om mora drikk under svangerskapet, seier ho.

Den danske abortmotstandarforeininga er også positiv til kampanjen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter