Nyheter

Eldre svelt heime

Heimehjelparane som ser til eldre som bur heime møter mange underernærte. I Hordaland har Helsetilsynet avdekt at heimetenesta er uforsvarleg.

Helsetilsynet i Hordaland har avdekt store manglar i heimetenesta hos dei eldre.

- Når det er så mange kommunar i Hordaland som slit med dette, er det grunn til å tru at dei kan slite med det same andre stader i landet også. Helsetilsynet skal setje slike tilfelle på dagsorden, fastslår Hordalands fylkeslege, Helga Arianson, som synest funna i tilsynet var overraskande skuffande.

- Uforsvarleg

Tilsyn i ei rekkje kommunar viser at det gjennomgåande manglar rutinar for å kartleggje kva kost eldre ønskjer, og ha oppsyn med kva brukarane faktisk et og drikk.

Fleire av dei kommunale heimetenestene tar ikkje omsyn til brukaranes individuelle behov slik at dei kan ha medverknad. Konsekvensane for dei eldre er sterkt redusert livskvalitet, viser ei utgreiing frå ernæringsfysiolog hos fylkeslegen i Aust-Agder, Per De Lange:

* Auka risiko for å døy.

* Dobbelt så mange sjukehusinnleggingar.

* Lengre sjukehusopphald.

Arianson understrekar at ho ikkje kan uttale seg for situasjonen på landsbasis, men for kommunane i Hordaland er det særleg tre område helsetenesta sviktar.

– Vi har mange ufaglærte tilsette i helsetenesta. Det trengst betre tid, kompetanse og rutinar for å betre situasjonen.

Ho vil likevel ikkje leggje skulda på tilsette i eldreomsorga.

– Kommuneleiinga saman med leiinga i heimetenesta må haldast ansvarlege for situasjonen. Det er dei som set rammevilkåra.

Kommunesatsing på eldre

Bjarne Gudbjørgsrud i Kommunanes Sentralforbund (KS) har ansvar for mellom anna rammevilkår og helsetenester. Han stiller seg uforståande til problematikken i heimetenesta.

- Eldreomsorg er heilt klart det største satsingsområdet til kommunane, seier Gudbjørgsrud , og peikar på tiltak kommunen har som skal komme eldre til gode.

– Det er ein vekst i tilbodet for eldre. Det blir fleire tilsette. Kommunane i dag har blitt betre på dei fleste område, hevdar Gudbjørgsrud. Han ser likevel at det kan vere negative enkelttilfelle.

– Vi arbeider heile tida for å setje inn fleire ressursar. Deretter er det viktig at dei tilsette er flinke å vidareformidle informasjon viss dei oppdagar at noko er gale.

Også på sjukeheimar

Eldre på sjukeheimar slit også med underernæring, viser rapport frå Helsetilsynet i Telemark.

Personalet på dei undersøkte sjukeheimane, mangla rutinar for å vege og følgje utviklinga til eldre. Mange av dei sleit med dårleg matlyst eller tannverk som gjer det problematisk med fleire typar mat. Kosthaldet blir ikkje tilpassa den enkelte pasient sitt behov. Dei som allereie har ernæringssvik, får ikkje oppfølging. Resultatet, ifølgje Helsetilsynet i Telemark Fylkeskommune, er avmagring og alvorlegare sjukdommar.

– Dette er veldig alvorleg. Situasjonen må betrast, seier fylkeslege Yngve Holmern, i Telemark. Han viser til undersøkingar som blei gjort på tre sjukeheimar i Telemark.

Fylkeslege i Rogaland, Pål Iden, planlegg eit liknande tilsyn på sjukeheimar i Rogaland.

– Vi har ikkje gjennomført tilsyn her, men vi har all grunn til å tru at det står omtrent likt til her, seier Iden, og refererer til fleire enkelttilfelle med underernærte eldre i fylket.

– Eg veit dette er eit gjennomgåande problem. Tilsette i heimetenesta og sjukeheimar treng informasjon og meir opplæring i ernæring, seier Iden.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter