Nyheter

Kjøper meir søtt enn fisk

Kosthaldet må snus innan det er for seint, meiner ernæringsfysiolog.

Ein fersk rapport om nordmenn sitt kosthald for 2007 viser at vi bruker meir pengar på usunn mat, som brus, snop og metta feitt. Sidan byrjinga av 90-åra et vi stadig mindre fisk. Arnhild Haga Rimestad, avdelingsdirektør ved Sosial- og helsedirektoratet seier ho er overraska over utviklinga.

– Sosial- og helsedirektoratet sitt mål er mellom anna at folk skal ete meir fisk og mindre søtsaker, så det er beklageleg at forbruket på søtsaker går opp.

Fakta talar for seg sjølv. Medan vi i 1950 drakk ni liter brus per person, har forbruket auka jamt og trutt til det nådde ein topp på 93 liter i 1997. Etter det har vatnet erstatta noko av brusen.

Sukkerfest. Rimestad trur grunnane til nordmenns søte livsstil er mange og samansette.

– Sjømat verkar gjerne lite tilgjengeleg. Dessutan blir søtsakene tungt marknadsført og dei er lett tilgjengeleg over alt.

I førstninga av 90-talet byrja nordmenn å kutta ned på fisken. Resultatet er at vi no bruker tre gonger så mykje pengar på søtsaker som på fisk. Rimestad er uroleg.

– For å snu denne trenden er det absolutt ei metode å gjere fisk meir tilgjengeleg for folk. Folk må få meir informasjon og praktisk kunnskap om tilbereriing av fisk. Sosial- og helsedirektoratet samarbeider med fiskeristyresmaktene om dette.

Feit av snop. Ingebjørg Aarek er ernæringsfysiolog ved Universitetet i Agder. Ho trur ikkje haldningskampanjar nyttar i kampen mot det søte.

– Det må ein vilje til hos den enkelte for at dette skal endrast. Eg håpar mange startar året med nyttårsføresett å leva eit sunnare liv, seier ho.

– Det ser dårleg ut for folkehelsa viss vi held fram med å putta i oss søtsaker som om det skulle vere frukt eller grønt, seier Ingebjørg Aarek. Ho fortel at medan fisk gir oss vitamin og viktige næringsstoff, gir søtsaker oss berre energi som vi ikkje får brukt. På denne måten går vekta opp.

– Viss folk ikkje snur om på livsstilen kan vi ende opp som amerikanarane. Kutt ut det søte og oppdag alt det gode og spanande ein kan laga av fisk, er Aareks oppfordring.

Fisk førebyggjer. Vi et ikkje så lite fisk som folk skal ha det til, skal vi tru Bjørn Erik Stabell. Han er marknadssjef i Eksportutvalet for fisk, Norden.

– Rapporten seier det er potensial for å ete meir sjømat, men samanlikna med dei fleste andre land, et vi mykje sjømat. Berre 11 land i heile verda et meir fisk enn oss. Likevel er det ikkje godt nok.

– I snitt et vi under to fiskemåltid i veka. Det er anbefalt å ete to måltid med mager fisk, og to med feit fisk. På denne måten kan vi førebyggje hjarte- og karsjukdommar og overvekt, seier Stabell.

– Kva gjer Eksportutvalet for fisk for at nordmenn skal endre kosthaldet?

– Utvalet har lansert Fiskesprell-programmet saman med helse- og sosial departementet og fiskeridepartementet. 90 prosent av kvar niandeklassing får 20 kroner kvar til å laga eit sjømåltid i heimkunnskapen. Vi har gjeve ut ei nytt lærehefte med fokus på fisk. Barnehagane har og fått eige program som blei lansert for to veker sidan.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter