Nyheter

Patriark: Eg er i live

Ryktet om den russisk-ortodokse patriarkens død var overdrive, og no er det avliva.

Alekseii II, overhovudet for Den russisk-ortodokse kyrkja, har synt seg offenteleg og har sine tankar om korleis spekulasjonane om hans død har oppstått.

– Men som de ser er deg frisk, eg er i teneste og eg er i live, sa patriarken i følgje det økumeniske nyhendebyrået ENI under ei messe i Pokrovsky-klosteret i Moskva for nokre dagar sidan.

Avtale

17. mai skal patriarkatet hans og Den russisk-ortodokse kyrkja skrive under ein avtale om kyrkjeleg fellesskap. Sistnemnde er ei sterkt anti-sovjetisk emigrant-gruppe som breaut med Moskva-patriaraktet under bolsjevikrevolusjonen i 1917.

Patriarken trur nokon har sett ut rykte om hans sjukdom og død for å skiple denne hendinga.

Hjarteoperert

Russiske medier har meldt at patriarken var i Sveits for å ta ein hjarteoperasjon. Deretter oppstod det rykte om at han var klinisk død under operasjonen i utlandet.

Kjelder nær patriarken seier det ikkje er rett at han har vore i Sveits og at han ikkje har teke nokon bypassoperasjon.

Ikkje i gravferder

Rykta fekk bein å gå på då patriarken uteblei frå gravferdene til både eks-president Jeltsi og meisterdirigenten Rostropovitsj.

Les mer om mer disse temaene:

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter