Nyheter

Vedgår massive overgrep mot barn

Kristeleg speidarrørsle seier 12.000 medlemmer er blitt offer for seksuelle overgrep. Boy Scouts of Amerika vurderer konkurs.

Speidarorganisasjonen er mellom USAs største med 2,4 millionar medlemmer der dei aller fleste er mellom 11 og 17 år. Kristelege Boy Scouts of Amerika er også stor når det kjem til frivillige leiarar, nesten ein million vaksne har ansvaret for speidargruppene som tilbyr aktivitetar for barn og unge opp til 20 år.

I speidareiden lovar både speidarane og leiarane å ære Gud og fedreland – og opptre «moralsk rett».

LES MEIR: KFUK-KFUM: Har avdekket overgrep i Norge

Ber om orsaking

No vedgår Boy Scouts of Amerika at det har langt frå alle speidarleiarar gjort dei siste 50 åra:

Over 7.800 leiarar er ansvarlege for drygt 12.000 seksuelle overgrep mot speidarar i perioden 1944-2016.

– Me bryr oss sterkt om alle mindreårige som er blitt utsette for overgrep, og ber om orsaking til alle som er blitt skadde i tida som speidarar, seier organisasjonen i ei kunngjering.

Leiinga i Boy Scouts of Amerika understrekar at dei trur på ofra og at dei yter støtte til terapi og vidare oppfølging – og at ingenting er viktigare enn å gjere speidaren til ein trygg stad å vere for barn.

– Me er rasande over at einskildpersonar har utnytta speidaren til å misbruke uskuldige barn, seier dei vidare.

Speidarorganisasjonen innførte krav om rullebladsjekk av alle frivillige i 2008, og i 2010 vedtok han at alle meldingar om overgrepsmistankar skal rapporterast til politiet.

Har overgrepsarkiv

Tala som blei lagt fram onsdag utdjupar dei som blei avslørte i 2012. Då publiserte Los Angeles Times 1.200 dokument frå eit hemmeleg overgrepsarkiv tilhøyrande Boy Scouts of Amerika. Dokumenta viste at rundt 5.000 menn og nokre kvinner, hadde blitt kasta ut grunna mistankar om overgrep.

Arkivet blei kjent for sju år sidan etter at høgsterett i delstaten Oregon avgjorde at dokumenta skulle gjerast offentlege. Bakgrunnen var ei rad rettssaker mot speidaren, initiert av ofre og medieorganisasjonar.

Går til søksmål

På nytt trugar rettssaker. Ei rad advokatar regelrett vervar klientar som er offer for overgrep utført av speidarleiarar, skriv nyhendebyrået AP. Målet er å saksøkje Boy Scouts of Amerika og få ut erstatningar.

Bakgrunnen er at mange delstatar no vedtek nye lover slik at overgrepssaker ikkje skal bli forelda. Dermed kan overgrep i speidaren langt tilbake i tid bli grunnlag for søksmål.

Advokatkontor annonserer i både tradisjonelle media og i sosiale media etter personar som er offer for overgrep utført av speidarleiarar, og ber dei signere søksmål.

LES MEIR: Endret speiderløftet

Fryktar konkurs

Boy Scouts of Amerika har svart med å varsle at dei kan gå konkurs som følgje av alle søksmåla. Går organisasjonen konkurs, vil det ramme offera hardt, melder USA Today. Fristen for å fremme søksmål blir knapp, og innsamla informasjon om overgrep vil ikkje bli offentleg kjent. Den nye organisasjonen som vil bli etablert etter konkursen, og som vil føre arbeidet vidare, kan ikkje utlevere informasjon samla inn av organisasjonen som går konkurs.

– Det er derfor dei går konkurs, ikkje fordi at dei ikkje har pengar. Dei går konkurs for å gøyme skitne sanningar, fortel advokat Tim Kosnoff, som har lang røynsle med overgrepsrettssaker mot katolske bispedømme i USA.

Talskvinne Effie Delimarkos seier speidarorganisasjonen held fram med å evaluere den økonomiske situasjonen.

Ekskluderte i Norge

Ragnhild Erevik Fosse, fungerande generalsekretær i KFUK-KFUM-speiderne, kjenner overgrepsskandalen i Boy Scouts of Amerika frå media.

– Eg opplever at dei prøver å hjelpe ofra, mellom anna med å tilby rådgjeving og anna oppfølging.

– Er det trygt å vere speidar i Norge?

– KFUK-KFUM-speiderne skal vere ein trygg stad. Tryggleiken til barn og unge kjem først. Me prioriterer høgt vårt førebyggjande arbeid innanfor grenseoverskridande åtferd og seksuelle overgrep, mellom anna ved bruk av politiattest, kursing av frivillige og tilsette og tydelege retningsliner og rutinar.

– Har de avdekt overgrep i eigne rekker?

– Ja, men dei ligg tilbake i tid. Konkret blei sakene meldt til politiet, og personane blei dømde for overgrep, seier Fosse og fortel at personane så blei ekskluderte frå KFUK-KFUM-speiderne.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter