Nyheter

– Vanleg at rasismedebatten sporer av

Fotballspelaren Mesut Özil sluttar på det tyske landslaget etter rasistisk behandling. – Reaksjonane er typiske avsporingar frå rasismedebatten, meiner Antirasistisk senter.

«Eg er tysk når vi vinn, men eg er ein innvandrar når vi taper», skreiv den tyske fotballspelaren Mesut Özil i ei uttale på sosi­ale medier søndag. Der kunngjorde­ han at han ikkje vil spele på det tyske fotballandslaget, så lenge­ han opplever rasisme og respektlause haldningar frå det tyske fotballforbundet etter Tyskland sitt dårlege fotball-VM.

– Han har rett i å kalle det for rasisme etter behandlinga han har fått. Andre fotballspelarar har gjort liknande ting utan å bli hengt ut på den måten, og det var andre enn han som spelte dårleg i VM. Det er ei slagside som er ganske tydeleg, seier Mari Linløkken, nestleiar i Antirasistisk senter.

Rasismekortet

Uttalene til Özil har vekt mange reaksjonar dei siste dagane, og presidenten til den tyske fotballklubben Bayern München har antyda at Özil bruker rasismeskuldingar for å få sympati etter nederlaget i VM.

– Han har vore dårleg i fleire år. No gøymer han sine dårlege prestasjonar bak dette biletet, sa klubbpresidenten til den tyske avisa Bild.

– Kan det tenkast at Özil trekkjer fram rasisme for å få sympati?

– Det går an å spele rasismekortet utan å ha nokon sak, men dette er ikkje det. Det er ikkje tilfeldig at det går utover han. Å påstå at han speler rasismekortet er ei avsporing frå problemet han prøver å løfte, seier Linløkken.

Reaksjonar

Bakgrunnen for konflikten er at han i mai let seg avbilete med den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan. Den tyske fotballspelaren med tyrkiske besteforeldre fekk ­mykje kritikk for opptrinnet før fotball-VM, særleg med tanke på dei sure tilhøva mellom Erdogan og Tyskland dei siste åra.

Özil meiner sjølv at leiaren for det tyske fotballforbundet, Reinhard Grindel, har hengt han ut som syndebukk etter eit dårleg VM, og uttala seg respektlaust om hans tyrkiske bakgrunn og muslimske tru. Han påpeiker at Grindel tidlegare har kome med innvandringskritiske fråsegner, då han var politikar i statsminister Angela Merkel sitt kristen­demokratiske parti.

Etter Özil si kunngjering, uttala Merkel støtte til fotball­spelaren, medan utanriksminister Heiko Maas sa at Özil gir eit feil bilete av tysk integrering.

Leiaren i det tyske ytre høgre-partiet AFD kallar Özil for «eit typisk døme på feilslått integrasjon av innvandrarar frå tyrkiske­, muslimske krinsar».

Avsporing

Det er vanleg å spore debatten over på andre ting når rasisme blir nemnd, ifølgje Cora Alexa Døving. Ho er forskar på HL-senteret, og har dokumentert kva for reaksjonar ungdom i Norge får når dei skildrar sine erfaringar med ­rasisme.

– Det er ein typisk måte å reagere på når det kjem forteljingar om rasisme. Dei blir avvist som hårsåre og at dei tar offerrolle. Sjeldan blir rasisme diskutert som eit sosialt og politisk problem, seier ho.

I staden endar diskusjonen med å dreie seg om individuelle oppfattingar av kva som er ­rasisme og ikkje, og kven som er rasist og ikkje, meiner Døving.

Dette vart spesielt tydeleg i Norge då mange norske ungdomar skildra erfaringar med rasisme i soaiale medier, med emneknaggen #norskrasisme, for nokre år sidan.

– Folk reagerte med skepsis, og sa «du misforstår» eller «du overdriv». Vi er redde for rasisme-­ordet og klarer ikkje å bruke ordet utan at nokon kjenner seg angripe av det. Då klarer vi aldri å diskutere samanheng­ane mellom individa som krenkar og hetsar, og dei rasistiske ideane som finst i samfunnet, seier Døving.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter