Klima

Unge ­likar ikkje brukte klede

Nordmenn yndar å gje vekk klede. Men ein av fire likar ikkje å bruke dei, og unge er mest skeptiske.

– Mange vil gje, få vil bruke, seier forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp til Vårt Land.

Saman med ein forskarkollega frå Forbruksforskingsinstituttet SIFO har ho spurt om lag tusen menn og kvinner om kva som motiverer oss til gjenbruk – og kva som forklarar at me ikkje ønskjer å kle på oss brukte klede.

Blant dei som takkar nei til å rundt i skjorter, bukser, jakker og kjolar andre har hatt glede av først, er det fleire forklaringar til avvisinga, skriv forskingsmagasinet viten + praksis:

26 prosent likar ikkje å bruke andres gamle ting.

13 prosent svarar at brukte klede kjennest ureine.

9 prosent likar ikkje lukta av gamalt tøy.

LES MEIR: Handlar berre brukt

Storhandlarar

Me er storforbrukarar, for me har sterk kjøpekraft, fortel Statistisk sentralbyrå (SSB). Og aller mest brukar me på klede og sko, avdekkjer ferske tal for perioden 2000–2017.

Dei siste 17 åra har kjøp av klede­ og sko auka med 160 prosent per nordmann. I fjor brukte kvar og ein av oss 11.815 kroner på nytt til garderoben – eller ­totalt 53 milliardar kroner.

Ingen andre varer eller tenester har auka så sterkt i den undersøkte perioden, opplyser SSB.

– Forklaringa er enkel. Klede er billige i Norge, seier Grimstad Klepp, og legg til:

– Vi har i dag ein spesialisert garderobe. Nordmenn er særleg glade i friluftsliv og idrett, og har dermed fått ein sterkt veksande garderobe som rommar klede for aktivitetar.

Til eksport

Men det som kjem inn, må ut. Me kasta nesten 2.000 tonn tekstilar i fjor, og det meste gjekk til attvinning. For nordmenn sender større og større kleshaugar til bruktinnsamlarane.

– Storparten av det me gjev til bruktinnsamling blir eksportert, først til Aust-Europa, så sendt vidare til mange afrikanske land, seier Grimstad Klepp.

Men den ferske undersøkinga frå SIFO, som er tufta på eit representativt utval, avdekkjer at svært mange nordmenn er skeptiske til brukte klede.

Unge mislikar

SIFO-forskarane Ingun Grimstad Klepp og Kirsi Laitala blei særleg overraska då dei analyserte tala for dei yngre i undersøkinga. Trass i at unge er blant dei som kjøper og får mest brukte klede, var det også dei mellom 18 og 24 år som var mest opptekne av dei tre nemnde grunnane; likar ikkje andres brukte klede, brukt kjennest ureint og likar ikkje bruktlukta.

Ikkje brukt

Halvparten av dei unge som berre kler på seg nye klede, svarte at dei ikkje likar å bruke klede andre har brukt før dei. Heile 35 prosent svarar at brukte klede kjennest ureine.

– Brukte klede er kjensler. Du kan arve fars jaktjakke og bruke ho aktivt for ho «minner om far». Men du kan også arve jaktjakka til far og la vere å bruke ho for «minner for sterkt om far», forklarar Grimstad Klepp.

Ho meiner argumentet om at brukte klede «er ureine» kan utfordrast:

– På hotell legg vi oss i brukte sengklede, utan å nøle. Men dei er vaska – og det er det som er poenget, fleire bør kunne bruke brukt for kleda er jo vaska reine etter førre brukar.

LES MEIR: Gjenbruk løyser ikkje problemet

Klimaavtrykk

Miljøorganisasjonen Fremtiden i våre hender har sett nøyare på miljøregnskapet til nordmenns favorittplagg, dongeribuksa:

Årleg blir det selt rundt ein milliard jeans globalt.

Vassforbruket til ei dongeri­bukse ligg mellom 3.000 og 7.000 liter vatn gjennom heile levetida.

Ei bukse har eit klimafot­avtrykk på over 30 kilo karbondioksid i løpet av levetida.

Eit par jeans krev 12 kvadratmeter med dyrkbar jord i eitt år.

Produksjonen kan gje utslepp av miljøgiftige tungmetall som bly, krom, kvikksølv, og ­kadmium.

Dyrking av bomull står for rundt 16 prosent av verdas samla sprøytemiddelbruk.

2,5 prosent av verdas dyrkbare jord blir brukt til bomull.

Rundt ein prosent av verdas­ bomullsproduksjonen er ­økologisk.

Genmodifisert bomull utgjer storparten av produksjonen globalt.

Kuttar utslepp

Norges leiande bruktinnsamlar, Fretex, har rekna ut at kjøper du eit brukt klesplagg i staden for eit nytt kvar månad, sparer du utslepp av nesten 500 kilo CO2 i løpet av eitt år.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima