Nyheter

Handlar berre brukt

Helle ­Marie Larsen finn kleda ho treng i bruktbutikken.

– Denne, denne eller denne?

Helle Marie Larsen sjekkar kleda som heng på stativet i butikken på Grünerløkka i Oslo. Ho er blant dei som styrer stega til bruktbutikkar når garderoben skal supplerast med noko nytt.

– Eg er oppteken av miljøspørsmål, så for meg er det eit medvite val å kjøpte brukt og ikkje nytt, fortel ho og leitar vidare på ei rekkje med skjorter og skinnjakker.

LES MEIR: Unge ­likar ikkje brukte klede

Har historie

Larsen tykkjer det er fint å gå i klede som har «litt historie», så ho ristar på hovudet over funna frå SIFO-undersøkinga; ein av fire nordmenn likar ikkje å bruke andres gamle klede.

– Og så finn eg ofte klede av god kvalitet i bruktbutikkar – og det er enklare å finne rette storleikar.

Flest kvinner

Ei undersøking frå Fretex i 2016 viste at 37 prosent av kvinner og 22 prosent av menn handlar brukt. Av dei som helst vel brukt, var 15 prosent kvinner og berre 8 prosent menn.

LES MEIR: Gjenbruk løyser ikkje problemet

Dyre dressar

Apropos Helle Marie Larsens argument om «god kvalitet»: Fretex melder at dei nyleg fekk inn ein særmerkt garderobe brukte klede - 300 handsydde italienske blazarar og dressbukser. Frå ein anonym gjevar, melder nettstaden melkoghonning.no

Plagga er sydd av eksklusive material som kashmir, silke og ull, og ber merka til eksklusive italienske produsentar. Alt blir bydd fram for sal i ein Oslo-butikk i slutten av november.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter