Nyhet

– Den humanitære situasjonen rundt Tsjadsjøen er svært alvorleg. I eit område allereie prega av vanskelege levekår treng no meir enn ni millionar menneske­ ­humanitær bistand. Norge vil halde fram arbeidet med å auke den internasjonale støtta til området, sa utanriksminister Børge Brende (H) før møta med nigerianske styresmakter.

Norges utanriksminister har i vel tre år markert som ein ­humanitær utanriksminister. Brende har bygd ned skiljet mellom klassisk bistand og humanitær bistand. Brende har kalla skiljet for «kunstig» – og flytta meir bistandspengar til humanitær innsats.

Heilt på topp

I det Norge gjekk inn i julemodus, varsla Brende at Solberg-­regjeringa ville yte nok eit stort bidrag til FNs naudhjelpsfond Cerf, 380 millionar kroner i 2017. Fondet er ein viktig del av den internasjonale førstelinjeresponsen i humanitære kriser – og Norge er mellom dei største gjevarane.