Nyheter

Historiske kyrkjekyss

Møtet mellom pave Frans og patriark Kirill kan få fleire positive konsekvensar for kyrkjesamarbeid, seier forskar.

Kyrkjetoppmøtet i Cubas hovudstad Havanna var historisk.

– Vi har ei bestemt kjensle av at det haster med ein felles innsats av katolikkar og ortodokse, står det i den tredve punkts fråsegna pave Frans og patriark Kirill signerte laurdag.

Vebjørn Horsfjord forskar på religion, konflikt og forsoning på Universitetet i Oslo. Han trur toppmøtet vil få konsekvensar for korleis den russisk-ortodokse kyrkja og den katolske kyrkja vil møte kvarandre i kvardagen.

– Når paven og patriarken kan møtast, kan også biskopar møtast på regionalt nivå og prestar på lokalt nivå. Slik kan gamalt fiendskap byggjast ned, seier Horsfjord som arbeider på Det teologiske fakultetet.

LES MEIR Patriark vil skape forsoning

Rette opp

Det er særleg i Aust-Europa at ortodokse og katolikkar står mot kvarandre. I Ukraina har dei hamna på kvar si side i krigen mellom Russland og Ukraina om dei austlege og russiskdominerte delane av Ukraina. Den russisk-ortodokse kyrkja støttar aktivt opp om Russlands president Vladimir Putin.

I Havanna tok Frans og Kirill til orde for auka kristent fellesskap:

– Samstundes som vi er medvitne på hindringane som framleis må overvinnast, vonar vi at vårt møte kan vere med å rette opp denne (kristne) eininga som Gud har ønskt, står det i fråsegna.

LES MEIR: Dialog er ikke religiøs forhandling

To kyrkjer

I 1054 blei kyrkja splitta i ei romersk vestkyrkje og ei ortodoks austkyrkje då pave Leo IX og patriarken av Konstantinopel, Mikael Kerularius, lyste kvarandre i bann. Det som skilte kyrkjene var først og fremst spørsmålet om pavens overordna makt og mynde samt tillegget i den nikenske truvedkjenninga, som ble innført i Vesten utan konsultasjon med den austlege kyrkjegreina.

Bannlysinga blei først oppheva i 1964 då pave Paul og patriark Athenagoras av Konstantinopel møttest. Samanlikna med paven og patriarken av Konstantinopel, er patriarken av Moskva ein langt yngre institusjon.

Pave Frans er den 266. paven medan patriark Bartholomew er den 270 patriarken av Konstantinopel. Patriark Kirill er berre den 16. patriarken av Moskva, som er kyrkjeoverhovud for det største ortodokse kyrkjesamfunnet. 165 millionar menneske soknar til Den russisk-ortodokse kyrkja, som fekk sitt patriarkat i 1589. Pave Frans på si side er overhovud for 1,2 milliardar katolikkar.

LES MEIR Kan påvirke konfliktene i Midtøsten

Stå saman

962 år etter at kyrkja blei delt i to, oppmoda patriark Kirill og pave Frans ortodokse og katolikkar til å stå saman:

– Vårt kristne samvit og vårt pastorale ansvar tvingar oss til ikkje å vere passive i møte med utfordringar som krev felles respons, står det i dokumentet dei båe signerte.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Blei samde

På Cuba, som blei valt som møtestad fordi han ligg i «den nye verda», langt unna konfliktane i «den gamle verda», blei kyrkjeleiarane samde om ei rekkje punkt etter at diplomatar frå begge kyrkjer hadde brukt lang tid på å få på plass eit fellesdokument:

• Den interreligiøse dialogen må styrkast.

• Religionsfridommen må bli styrkt verda over.

• Kampen for meir rettvis fordeling må intensiverast.

• Familien er det naturlege sentrum for menneskeliv. Ekteskapet er mellom mann og kvinne.

• Kampen mot abort, aktiv dødshjelp og liberal bioteknologi må intensiverast.

• Evangeliet om Kristus må forkynnast til fleire – men ortodokse og katolikkar må ha gjensidig respekt for kvarandre.

• Stå opp for dei kristne i Midtausten, som no opplever drap og utdriving.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter