Nyheter

Helse-Høie vil heve kvaliteten

Rapport frå Helsedirektoratet seier det er lite kunnskap om kvaliteten på lindrande behandling og omsorg i Kommune-Norge.

Utvalet som utgreier lindrande behandling går no gjennom og vurderer dagens palliative tilbod. I rapporten som helseminister Bent Høie (H) får oppunder jul, skal utvalet leggje fram forslag til tiltak som skal møte behova til både pasientar og pårørande, «uavhengig av diagnose, alder og andre forhold».

Oppdraget frå Høie er at lind­rande behandling skal bli ein integrert del av helse- og omsorgstenesta. I dag døyr flest på institusjon – vel 45 prosent. Mange eldre ønskjer å døy heime­ – i dag gjer berre 14 prosent dét. Norge ligg på sisteplass i heimedød i Europa.

LES MER: Lærer å lindre ved livets slutt

Få senger.

Palliasjonsrapporten frå Helsedirektoratet, som kom i 2015, viser at det er mykje å ta tak i:

I landets 428 kommunar er berre 44 sjukeheimar med ein lindrande avdeling, totalt 272 senger.

I tillegg er det 82 sjukeheimar som kvar har tre lindrande senger eller mindre, totalt 130 slike lindrande senger.

Under ein tredel av landets kommunar har etablert eit særskilt organisert palliativt tilbod i institusjon.

Manglar kunnskap.

Helse­direktoratet seier det er lite kunnskap om kvaliteten på lindrande behandling og omsorg som blir gjeve i den kommunale helse- og omsorgstenesta, også på dei lindrande avdelingane.

Rapporten slår fast at det «mangler samlet kunnskap om hva som hemmer kommunene i å satse på styrking av faget og oppbygging av tilbud om lind­rende behandling».

Difor meiner Helsedirektoratet at den kommunale helse- og omsorgstenesta må utfordrast. Det er behov for «å bygge opp fagkompetanse både i grunnleggende palliasjon og i det særskilt organiserte tilbudet».

Brukar frivillige.

Til sist meiner direktoratet at frivillige er ein stor, til dels ubrukt ressurs. Denne utfordringa har Sjukeheimsetaten i Oslo plukka­ opp. Fransiskushjelpen har i samarbeid med eit kommunalt helse­hus etablert det dei kallar «sitjeteneste». Dette ­betyr at kompetente frivillige sit ­saman med døyande pasientar for å avlaste personalet, og vere ei støtte for pårørande.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter