Nyheter

Hareide: – Eg forstår dei som reagerer på Listhaug-utnemninga

Knut Arild Hareide meiner Sylvi Listhaug no må vise alvor når ho blir utfordra til å ta avstand frå hatretorikk.

Bilde 1 av 2

Som KrF-leiar meinte Knut Arild Hareide i mars i fjor at Sylvi Listhaug gjorde det rette ved sjølv å tre tilbake som justisminister. No er Listhaug tilbake i ny ministerpost.

– Med denne utnemninga har også Erna Solberg tatt eit betydeleg ansvar. Solberg må med dette vere heilt trygg på at Listhaug har lært av sine feil frå førre gong ho var statsråd, skriv Hareide på Facebook.

Listhaug blei i mars i fjor tvungen ut av justisministertaburetten på grunn av eit kontroversielt Facebook-innlegg om Arbeidarpartiet.

Innlegget inneheldt eit bilde av framandkrigarar i Somalia, og hadde teksten «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet».

LES OGSÅ: Null Hareide-anger hos Listhaug

Hareide avgjerande

Då innlegget skapte politisk storm, gjekk statsminister Erna Solberg (H) ut og bad om unnskyldning på vegner av heile regjeringa, for justisminister Listhaugs innlegg. Hareide, og eit KrF i vippeposisjon, blei avgjerande då han 19. mars i fjor gjekk langt i antyde mistillit mot Listhaug. Dagen etter gjekk Frp-nestleiaren av som justisminister.

– Ei slik sak som dette handlar ikkje om å vinne eller å tape, men om anstendigheit. Den anstendigheita må gjelde oss alle, sa Hareide, som slo fast at heile saka handlar om tillit, mellom folk og politikarar, men også mellom regjeringa og Stortinget.

Hareide meinte det verkeleg alvorlege i saka var innhaldet i Facebook-posten til Listhaug og kva den «nørar oppunder».

Sylvi Listhaug har også hissa på seg KrF ved tidligare å stemple partiet som «utan ryggrad», og Listhaug har mellom anna omtalt Hareide om «imamsleikar».

Nå skal ho sitje i regjering saman med dei tre statsrådane til KrF i den utvida Solberg-regjeringa.

LES OGSÅ: Jubel på Frp-landsmøtet: – Sylvi er et forbilde

– Ord endrar Noreg

Hareide skriv fredag at han meiner Listhaug no må vise at ho meiner alvor når ho blir utfordra på hatretorikk.

– Det ligg eit særleg ansvar på regjeringa å bruke ord som ikkje splittar, men som sameiner, meiner Hareide, og held fram:

– Så seier nokon: Det er berre ord. Berre retorikk. Berre sosiale medium. Men vi veit betre. Vi veit at ord skaper handlingar og haldning. Vi veit at ord gjer noko med oss. Vi veit at ord endrar oss. Og at dei endrar Noreg, skriv ein svært tydeleg Hareide.

Han avsluttar med å seie at han forstår alle dei som i dag reagerer på at Listhaug får ny statsrådpost.

Forventar lojalitet

KrFs parlamentariske leiar Hans Fredrik Grøvan håper Listhaug har lært av Facebook-skandalen i 2018.

– KrF forventar at Listhaug er lojal mot plattforma til regjeringa, for den ligg fast. Vi forventar også at ho har tatt lærdom av situasjonen som førte til hennar avgang. Listhaug må opptre samlande, seier Grøvan til Vårt Land.

Han minner Listhaug om at ho «må slutte å setje grupper opp mot kvarandre».

– Som landbruksminister stod Listhaug for ei liberalisering, fekk innført gardssal av alkohol, kva forventar du deg av Listhaug som statsråd med ansvar for alkoholpolitikken?

– Ho må vere lojal mot den politiske plattforma, den seier at «alkoholpolitikken skal ligge fast», så her er det ikkje rom for noko som helst slags liberalisering, seier Grøvan.

LES OGSÅ: KrF glemte ut all alkoholkamp i nytt partiprogram

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter