Omstridd selskap gjev halv million til KrF

STØTTE: Selskapet Safedrive tilbyr varsling om politikontrollar og fotoboksar. Selskapet har Frp-profil som styreleiar og gjev no 500.000 kroner til KrFs innspurt i valkampen. 

GÅVE: KrF-leiar Dag-Inge Ulstein får med seg ein halv million kroner ekstra i den siste veka av valkampen.
Publisert Sist oppdatert

Selskapet Safedrive AS gjev 500.000 kroner til KrF. Bidraget vart registrert 1. september på partifinansiering.no og går til partiets sentrale partiorganisasjon. 

Selskapet har utvikla eit varslingssystem for bilistar som mellom anna varslar om fotoboksar og politikontrollar. Tenesta varslar om moglege farar i trafikken – alt frå dyr i vegen til andre hindringar, skriv selskapet på nettsidene sine

Varslinga av politikontrollar er omdiskutert. Både Trygg Trafikk og utrykkingspolitiet har åtvara mot denne tenesta i ein artikkel frå 2018 i Adresseavisen og frå TV2 i august i år. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP