Nyheter

Gjev fem millionar til tryggingstiltak i trus- og livssynssamfunn

Terror frå høgreekstreme er sannsynleg i Noreg framover, meiner PST. Derfor får trus- og livssynssamfunn fem millionar kroner for å kunne sikre seg betre – ein sum alle må dele på.

Medan Philip Manshaus dagleg står i rettssalen, tiltalt for terror mot Al-Noor-moskeen i Bærum, vil regjeringa gjere det tryggare å praktisere tru i Noreg. Som ein nærmast direkte konsekvens av åtaket, blei det tysdag løyvt fem millionar kroner til ei tilskotsordning for sikringstiltak for trus- og livssynssamfunn, i revidert nasjonalbudsjett.

– Det er på høg tid at regjeringa anerkjenner den trugselen moskeane står ovanfor, seier informasjonsansvarleg Yasir Ahmed i Islamsk Råd Norge (IRN) til Vårt Land.

Løyvinga på fem millionar kroner har bakgrunn i Politiets tryggingsteneste (PST) si vurdering av kva som trugar Noreg i 2020.

– Eg er positiv til ordninga, men stiller spørsmål ved korleis ho skal gjennomførast. Skal alle dei hundrevis av trussamfunna i Noreg dele på fem millionar kroner? spør Ahmed.

Dette er farlegast for landet i 2020

Kvart vinter presenterer PST dei største trugslane for det komande året. Rapporten frå 2020 dreg opp skremmande scenario for trussamfunn i Noreg:

• Det er mogleg at høgreekstremistar vil prøve å gjennomføre terror.

• Fleire nordmenn uttrykker støtte til høgreekstreme terroraksjonar.

• Trenden er negativ, og resulterte mellom anna i Manshaus sitt åtak mot moskeen i Bærum i fjor.

Utøve tru på ein trygg måte

– Desse tilskota er eit veldig viktig signal: At regjeringa ønsker å trygge folk til å utøve trua si i sikre omgjevnadar, seier Waheed Ahmed, kommunikasjonsansvarleg i Al-Noor Islamic Centre i Bærum.

Etter at moskeen hans blei råka av terror, ser han på dei fem millionane som ein start på noko viktig.

– Høgreekstremismen er i vekst. At regjeringa no vil førebygge dette, er eit viktig teikn på at me står saman, seier han til Vårt Land.

Terroråtaket som endra moskeen

Hendinga har råka moskeen i Bærum på fleire måtar.

– I ettertid er det ikkje tvil om at mange har følt på frykt. Sjølv i dag. Me ser at besøkstalet ikkje er som før terroråtaket, seier Waheed Ahmed.

Derfor har har dei tatt grep. Moskeen har fått betydelege tilskot frå Bærum kommune, og brukt av eigne midlar. Dei har overvaking og eit system som kontrollerer dei som skal inn, i tillegg til tiltak som er mindre synlege.

– Me har ikkje gjort noko drastisk. Me er opptatt av å vere opne slik me alltid har vore.

– Med dei tiltaka me har gjort, håpar me å få tilbake fleire av medlemmane våre. Dei skal kunne vere trygge på at dei kan utøve trua si å våre lokale, seier Ahmed.

Fryktar nye åtak – treng tryggleik og pengar

Dei høgreekstreme terroråtaka mot moskear i 2019 sendte skjelvingar til fleire islamske trussamfunn i Noreg.

– Mange er redde for at slike ting kan skje framover, seier Yasir Ahmed i Islamsk Råd Norge (IRN).

– Fleire moskear har innført dei tryggingstiltaka dei kan med dei pengane dei har. Men potensialet for å auke tryggleiken er stort, seier han.

Får sju millionar

Det Mosaiske Trossamfund (DMT) har over fleire år fått tryggingstilskot etter terroren i 2006. I år får DMT 7,1 millionar kroner over statsbudsjettet.

Dei fem millionane til tryggleik regjeringa nå legg på bordet, er ein pott for alle trus- og livssynsamfunn. IRN er overtydde om at mange kjem til å søke.

– Eg er uroa for dei små moskeane i distrikta, og moskeane som ligg på gateplan, seier Yasir Ahmed.

– Men så lenge det er hjelp i desse millionane, så er det betre enn ingenting, seier Ahmed.

Millionane skal starte eit godt samarbeid

Det er ikkje bestemt korleis Justis- og beredskapsdepartementet skal avgjere kven og kva pengane frå revidertpotten skal gå til.

– Men me er allereie veldig opptatt av å bli betre på å få ut informasjon om korleis ein skal takle trugselutfordringane, seier statssekretær Thor Kleppen Sættem (H).

Han vedgår at fem millionar ikkje er nok til å trygge alle trussamfunn i Noreg, og understrekar at sikring må vere ein del av det løpande arbeidet i miljøa.

– Beløpet sender uansett eit signal om ønske og vilje til å jobbe i lag. No får me inn kunnskap om kva behov som finst der ute. Den dialogen vil ha stor verdi, meiner Sættem.

– Med desse pengane seier me: La oss kome i gang.

FØLG RETTSSAKA MOT PHILIP MANSHAUS:

Tiltalte hadde salme i baklomma under angrepet

Forklarte om kristen tro og deltakelse i læstadiansk menighet – «forfriskende»

• Erling Rimehaug: «Det er påfallende hvor lett Manshaus har latt seg overbevise av ensidig nett-propaganda»

Fornekter Holocaust og fremmer konspirasjonsteorier

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter