Nyheter

Alle vil 
snakke til 
konfirmantane

Organisasjonar slit med å få innpass i skulen og går i staden til kyrkja. – Ikkje berre positivt, seier mangeårig kateket.

– Vi ser at det er ein stor del av kulla som konfirmerer seg kyrkjeleg. Når vi konfirmantane, så når vi mange, seier Live Mehlum, rådgjevar i Reform – ressurs­senter for menn.

I år har Reform, med opplegget «Stopp kjærestevolden», ­besøkt om lag 300 konfirmantar i Tunsberg bispedøme, der dei har snakka om seksualitet, vald og grensesetjing.

Forskjelleg praksis

Det finst inga oversikt over kor mange organisasjonar som tilbyr opplegg for konfirmantane. Ifølgje Kristine Aksøy, som er leiar for barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet, varierer det frå stad til stad.

Ho har mellom anna snakka med ein kateket som seier dei får førespurnadar no og då, frå organisasjonar som vil snakke om barns rettar, alkoholbruk, ­eller overgrep, men som dei ikkje har valt å ta med i undervisninga.

Uynskja grupper

Harald Skarsaune er generalsekretær i Kyrkjeleg undervisningsforbund og har sjølv vore kateket i 17 år i Steinkjer. Han seier at dei som jobbar med konfirmantar gjerne vil ha litt kontroll over opplegget.

– Det kan vere vanskeleg å ­argumentere mot eit viktig tilbod frå ein organisasjon, men vi har berre eit avgrensa tal timar. Det er ikkje alltid like lett å gi frå seg tid til opplegg frå andre som ein ikkje kjenner godt nok.

Ifølgje Skarsaune kan konfirmasjonstida også vere ein marknad for grupperingar som kateketane ikkje kjenner seg att i.

– Det kan vere meir evangeliserande grupper, som ynskjer vekking i konfirmasjonstida. Det er ikkje alle i Den norske kyrkja som deler deira syn.

Ungdomen viktig

Den mange­årige kateketen trur mange ser på konfirmanttida som ein viktig arena for å fortelje om sitt arbeid.

– Kvifor trur du det er slik?

– Fordi dei møter eit tverrsnitt av norsk ungdom, både når det gjeld sosiale forhold og interesser.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Reform stadfestar at det er viktig for dei å nå ungdomen. Opplegget «Stopp kjærestevolden» vart utvikla på bakgrunn av ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress, som kom ut i 2014. Den viste at halvparten av valdtektsofra i Noreg er under 18 år, der både offer og gjerningsperson ofte er jamgamle. Det er ikkje uvanleg at alkohol er ein del av biletet.

– Nettopp derfor treng vi å nå tak i desse ungdomane, som kanskje nettopp har byrja gå på fest og få seg kjærast, seier Live Mehlum i Reform.

Samarbeid

Mehlum understrekar at dei har passa på å få godkjenning av opplegget i kvar kyrkjelyd dei har besøkt. Det kan undervisningsleiar i Teie kyrkje på Nøtterøy, Kristine Amundsen, stadfeste.

– Vi fekk undervisningsopplegget frå Reform før dei kom på besøk, slik at vi kunne kvalitetssikre det, fortel ho.

Amundsen fortel at kyrkje og Reform delte temaet om sex og samliv mellom seg.

– Reform hadde ein stor del av økta, der dei snakka om kjærastevald. Deretter la vi inn ein del der vi knytte det opp mot kristne verdiar.

– Prioriterer konfirmantar

Også Kirkens Nødhjelp bidreg til konfirmantundervisninga. Kvart år får om lag 30.000 konfirmantar undervisning i årsaker til ­fattigdom og organisasjonens arbeid, som del av fastetida.

– På 90-talet hadde Kirkens Nødhjelp ei stor skulesatsing, men for oss har det vore viktig å styrke vårt samarbeid med kyrkjelydane, og vi har derfor prioritert konfirmantarbeid, fortel nettverksleiar, Siv Bonde.

Organisasjonen har fleire samarbeidsavtalar med vidare­gåande skular, men i grunn­skulen er det vanskelegare.

– Uroa rundt RLE-faget og endringar i det norske samfunnet dei siste 20 åra, med ­mykje større religiøst mangfald, har nok ført til at nokre skular er usikre i møtet med Kirkens Nødhjelp. Men her er det store, lokale forskjellar.

Vanskeleg i skulen

Reform har også redusert sitt arbeid med skulen.

– Vi hadde noko undervisning i skulen i 2011, om rus og vald. Men det var litt vilkårleg kvar vi slapp til. Det har blitt vanske­legare og vanskelegare å få plass der, fortel rådgjevar Mehlum.

– Vi brukar fort to timar på undervisninga. Å få det inn på skulen, på fleire trinn, er ikkje lett.

Vårt Land har vore i kontakt med skular over heile landet. Få seier dei har opplevd at organisasjonar tek kontakt for å få ha opplegg med elevane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter