God miks på Miniøya

Jubileumskonserten for Knutsen & Ludvigsen sendte ikkje grevlingen heilt i taket. Men Miniøya er framleis eit supert tilbod for barnefamiliar.

På Miniøya laurdag var Øystein «Knutsen» Dolmen med på Knutsen og Ludvigsens 45-årsjubileum, der duoen blei hylla av eit knippe artistar. Mathias Hilmar Iversen (t.v.) i Ila Auto var den drivande musikalske krafta gjennom konserten, der Bertine Zetlitz (t.h.) var ein av gjesteartistane.
Publisert Sist oppdatert

Musikk- og kulturfestivalen Miniøya har no halde det gåande i seks år. Den alkohol- og tobakksfrie festivalen er eit glimrande tilbod for barnefamiliar i Oslo. Også i år står det mange ulike musikk- og kulturopplevingar på programmet, frå konsertar, dans og teater til akrobatikk, lesetelt, rebusløyper og ansiktsmaling. Hordane av småbarn med kattemaling i ansiktet vil anten frike deg ut eller gjere deg mjuk om hjarterota. Eg tilhøyrer den siste kategorien, og hadde ei fin stund då eg besøkte Miniøya på laurdag. Det hadde også statsminister Erna Solberg, som blei vist rundt på området av festivalsjefane Paulina (9), Ånund (11) og Eskil (7).

Nytt av året er visstnok økologisk sukkerspinn – bærekraft kan gjerne smake søtt. Miniøya satsar i det store og heile på å vere ein grøn festival. Ved å lære barna gode miljøvanar, kan ein endre vanane til heile familien.

LES OGSÅ: Vil utfordre dei minste

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP