Sett, avslørt og elska
Pater Josef fiksa alt perfekt. Så datt kroppen saman. No bygger han seg opp igjen – på eit fundament av mindre stoltheit, og meir tillit til kjærleiken frå Gud.
Skjermen på iphonen til pater Josef Ottersen viser eit ikon av ein halvmåne. Klokka er 09.55, og ingen telefonar eller meldingar gir lyd før om fem minutt. Kvar dag fram til klokka ti har han «ikkje forstyrr»-modusen på.
Det er spesielle omstende som gjer at uroa må minimerast. Den katolske presten er sjukmeldt på fjerde månad.
Men det er ikkje berre på grunn av sjukdommen at Ottersen treng ro. Hans «ikkje forstyrr»-tid med Gud har lenge vore ein måte å bli forandra på. Pater Josef treng ikkje alltid å be med ord eller tankar, eller konsentrere seg om noko spesielt. Å berre vere stille i St. Joseph-kyrkja i Oslo, her han no står framfor det høgreiste alteret, rotfester han i Gud.
– Og av og til har eg vanskelege bønestunder, kor eg føler at eg ikkje opplever noko som helst. Då eg studerte, sovna eg nokre gonger.
Bestill abonnement her
KJØP