Livet med stor L
Som liten spurde ho alle ho møtte om dei trudde på Gud. Farmors svar pregar Lena Lindgren enno.
Det er ettermiddag og stummande mørkt på Vestli i Oslo. 14 år gamle Lena har henta veslesyster i barnehagen, litt tidlegare enn vanleg. Akkurat denne dagen er det viktig at ho gjer det.
Det er ikkje mykje snø, men nok til at 14-åringen kan dra systera etter seg på kjelken. Så snur ho seg og seier det: Mor og far skal skiljast.
– Eg hugsar at eg tenkte: Du skal vite at eg er her. No er det oss, seier Lena Lindgren.
Over tretti år har gått, og ho sit i ein skinnsofa heime i Gamlebyen i Oslo. Bak henne dalar snøfnugga tett i tett. Inne luktar det krutsterk kaffi, og rundt oss er det bøker frå golv til tak.
– Eg skjønte at bandet mellom meg og systera mi aldri skulle brytast. Når dei vaksne var så utruleg dumme at dei... Eg ser no at det var nødvendig for dei, men det er slik det opplevast for barn. Vi var ei eining, og så svikta den.
I same båt
Open og nysgjerrig. Varm. Trygg. Heil ved. Slik vert ho skildra av dei som kjenner henne best. Som politisk redaktør i Morgenbladet, har Lindgren ei tydeleg stemme i offentlegheita. På kommentarplass har ho skrive om tillit, integrering, religion og russefeiring, for å nemne noko.
Ho meiner tida vi lever i er utruleg krevjande, politisk sett. At eksplosjonen av ulikskap, som ho kallar det, ikkje er ei hovudsak, kjem politikarane til å angre på, trur ho.
– I staden for har vi ei veldig polarisert offentlegheit, med ei høgreside og ei venstreside som er meir opptekne av å ta avstand frå kvarandre enn å løyse den utfordringa som innvandring er.
Lindgren er glad for å bu i eit fleirkulturelt område av Oslo. Ho føler ho veit mykje meir om integrering i praksis enn andre kommentatorar. Både på godt og vondt.
– Mange har aldri opplevd at klassekameratane til ungane må reise tilbake til heimlandet, eller at dei ikkje får lov til å feire bursdagar saman med dei «vantru». Vi er «kristne» og «vantru».
Ho lagar hermeteikn med fingrane og himlar litt med auga. Lindgren vil at alle skal kjenne at vi er i same båt.
– Vi skal ha augekontakt, alle vi. Det er kjempeviktig.
Bestill abonnement her
KJØP