Tone Ingebrigtsen til Min tro. Sandnes mai 2021
STØRST AV ALT: Når Tone Eva Ingebrigtsen blir spurt kva som er den viktigaste verdien i livet hennar, er svaret eitt som vil overraske få. Men det blir framført med eit rørande truverd.

Kvar gong før sønene skal springe eit løp, må Tone Ingebrigtsen finne ei kyrkje å tenne lys i

Publisert Sist oppdatert

Det er julafta på slutten av 70-talet. Tre yre jenter trippar rundt grytene til mor og beina til far, og klarar knapt vente til pinnekjøtet dufter på bordet og gåvepapiret kan rivast opp. Men mange og lange timar står fortsatt mellom søstrene og julekvelden.

Klokka tikkar mot gudstenestetid, og ein bilnøkkel blir sett i tenninga. Kledd i julestasen hoppar Tone Ingebrigtsen og dei to søstrene inn i baksetet. Far vrir om, og tar retning mot Moi sentrum sør i Rogaland. Han stoppar bilen utanfor Lund kirke. Trekløveret hoppar ut, og lukkar døra etter seg. Far køyrer igjen.

– Eg har faktisk aldri spurt foreldra mine om kvifor dei sendte oss åleine på julegudsteneste.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS